Meir nytt innan kreftforsking

Navlestrengen kan fortelja om damer har risiko for å få kreft.

Fotnoten presenterer her nokre utdrag frå forskingsrapportar for 2016 i Helse Vest, forsking som dels pågår enno.

Rapportering

Alle forskingprosjekt i Helse Vest blir årleg lista opp på https://helse-vest.no/vart-oppdrag/vare-hovudoppgaver/forsking/forskingsprosjekt. Alle har eit nummer og med det kan ein henta opp meir informasjon om prosjektet i det nasjonale forskingsregisteret  http://forskningsprosjekter.ihelse.net, i denne saka får du nokre eksempel.

 


Originalforsking på livmora

Kreftavdelingas professor Per Eystein Lønning, som bidrog i Fotnotens fyrste utgåve, har ein sluttrapport i 2016 i kategorien læra om sjukdomsårsaker/aetiologi (nummer 911786). Han omtaler det som konseptuell originalforsking med tanke på betra forståing av kreftrisiko-mekanismane. Han fortel han har avslutta eit stort arbeid der han viser at normalvevsmethylering* av BRCA1 genet gir signifikant auka risiko for eggstokk-kreft. Hovudfunnet er at methylering av BRCA1 genet er noko ein kan sjå allereie i navlestrengsblod; at dette fylger jenter/kvinner gjennom livet, og utgjer ein signifikant risiko for senare utvikling av eggstokkreft, er eit konseptuelt funn med store konsekvensar for forståinga av ikkje berre korleis eggstokk-kreft, men og andre kreftformer, kan ha bakgrunn allereie i intra-uterine [livmor] forhold.

*http://denstoredanske.dk/It,_teknik_og_naturvidenskab/Kemi/Organisk_kemi_og_stoftyper/methylering 

Lønning har og ein annan rapport i 2016 (912008), om PETREMAC studien, den fyrste studien med persontilpassa kreftbehandling for pasientar med brystkreft her i Norge. Denne persontilpassa terapien av pasientar med lokalavansert brystkreft utfrå molekylære prediktive biomarkørar starta i Helse Vest i fjor, meddeler han, og har no fått tilslutning av sjukehus i alle helseregionane i Noreg. Det er stor interesse for studien […], også internasjonalt, især frå legemiddelfirmaene Pfizer og Astra Zeneca som har gitt gratis medisinar og økonomisk støtte til studien. Det er planlagt at dei fyrste resultata frå studien skal presenterast ved San Antonio Breast Cancer Symposium i USA i desember 2017, og blir formidla til Brystkreftforeningen og media elles i Noreg i etterkant av symposiet. Studien er fyrst ferdig om 4 år.

Anriking av kreftceller

I Helse Vest finn me og Stavanger universitetssjukehus, eksempelvis overlege Bjørnar Gilje sin eRapport «Sirkulerende tumorceller som potensiell biomarkør for behandlingsrespons, sykdomsprogresjon og overlevelse hos pasienter som får ny nanopartikkel-basert behandling for bukspyttkjertelkreft» (911887). Han seier forskningsgruppa har utvikla ein forbetra metode for å anrike og karakterisere sirkulerande kreftceller. Det har leia fram til ein metode som fjernar meir enn 99,9 % av blodcellene frå blodprøven, men tar vare på kreftcellene. Metoden baserar seg på negativ seleksjon kor dei bruker ei blanding av antistoff mot blodceller. Dei står då igjen med ein cellesuspensjon* som er anrika på kreftceller. Metoden blir no nytta til å isolere enkeltståande sirkulerande tumorceller (dei studerer sirkulerande svulstceller og sirkulerande cellefritt svulst-DNA spesielt). Etablering av metodar for overvaking av behandlingseffekt basert på analysar av sirkulerande svulst-DNA ved neste-generasjons sekvenseringsteknologi vil ha høg prioritet i 2017, avsluttar han.

* https://snl.no/suspensjon_-_kjemi 


Red. Lilly Vinje

Forskingsregister

Her er korleis registeret beskriv sitt virke:

Forskningsregisteret inneholder presentasjoner, herunder målsetting og resultater, av forskningsprosjekter finansiert av de regionale helseforetakene. Alle pågående prosjekter rapporterer til registeret en gang i året. Forskning er en av fire lovfestede hovedoppgaver i sykehusene. Forskning i sykehusene er viktig for å sikre høy kvalitet i diagnostikk og pasientbehandling, og de regionale helseforetakene har derfor fått et spesielt ansvar for pasientrettet klinisk forskning, forskerutdanning, formidling.