HELSENORGE

Lymfekar – venn eller fiende

Kan det i nokre krefttilfelle vere lurt å blokkere lymfebanar, til tross for at dei også fraktar hjelpsame immunceller?

Ved Ph.d. Eli Sihn Samdal Steinskog.

Eli Sihn Samdal Steinskog
Eli Sihn Samdal Steinskog

 
Eg har dei siste 4 åra forska på samanhengen mellom lymfe og kreft. Ved hjelp av mus med få lymfekar i huda har eg undersøkt om dei tre krefttypane brystkreft, hudkreft og bløtvevskreft veks annleis når det er færre lymfekar som omgir kreftsvulsten.

Ved fleire krefttypar gir det dårlegare prognose å ha mange lymfekar rundt svulsten. Spørsmålet er derfor om det er lurt å hemme lymfekar hos kreftpasientar. Samtidig er lymfesystemet viktig for immunforsvaret vårt, og er det då heldig å blokkere dette systemet?


Faktaboks lymfekar og svulstar


Kreftsvulstar består ikkje berre av kreftceller, men også av immunceller, støtteceller, blodkar og lymfekar, som tilsaman kallast svulstens mikromiljø, eit miljø som påverkar korleis kreft veks og sprer seg i kroppen. Lymfekar finst overalt i kroppen og har fleire/viktige funksjonar. Dei er ein del av sirkulasjonssystemet vårt; dei bringer overskuddsvæske frå vevet tilbake til blodbanen. Dei frakter også immunceller til kreftsvulsten, men samtidig er dei gjerne vegen kreften bruker til å spre seg i kroppen via.

 
 


I studiene våre* fant me nettopp mindre spredning av hudkreft, hos de dyrene som hadde færre lymfekar.

Lymfekar er som sagt ein måte kreft sprer seg på. Med tanke på å førebyggje kreftspreiing, kan det jo derfor verke utelukkande gunstig å hemme lymfekar. Men biletet er komplekst, for samtidig hjelper dei jo til med å lage ein immunrespons mot kreften. Og felles for alle kreftformene vi studerte var at når antall lymfekar blei redusert, reduserte ein nettopp også antal immunceller rundt den veksande svulsten. Truleg som ein konsekvens av dette, voks kreftsvulsten raskere hos mysene med brystkreft og bløtvevskreft. For desse to kreftformene verka det altså ikkje gunstig å redusere antall lymfekar rundt svulsten. Men det er viktig å understreke at ein treng fleire studier før ein kan konkludere dette endeleg. 
 

Lymfekar og immunterapi


Eit anna viktig poeng er at i dag blir immunterapi stadig meir brukt som kreftbehandling og i den samanhengen blir funna våre viktige. Immunterapi verker blant anna ved å gjere immuncellene rundt kreften meir effektive til å drepe kreftceller. Litt forenkla kan ein sei at mange immunceller rundt kreften kan vere gunstig for effekten av immunterapi. Når vi tenkjer på dette, verker det å hemme lymfekar lite gunstig.

Likevel, medisinar som hemmer lymfekara vil nok ha ein plass i kreftbehandling i åra som kjem, men jamfør effekten dette kan ha for immunforsvaret, må vi tenkje nøye gjennom kva medisinar vi kombinerer. Å tilpasse behandlinga den enkelte krefttype og pasient, vil bli stadig viktigare etterkvart som moglegheitene våre for behandling aukar.

Eli Sihn Samdal Steinskog
assistentlege ved Kreftavdelinga, Haukeland universitetssjukehus

*Sirkulasjonsgruppa ved Institutt for biomedisin (UiB), dei samarbeida også med Melody Swartz og medlemmar av hennar gruppe i Chicago.

Avhandling - Eli S. S. Steinskog (pdf) (Fila er avhandlinga hennar)