HELSENORGE

Korleis Nobelprisen frå i fjor påverkar behandling vi gir

Melanomimmunterapi på 2 minutt.

Føflekkreft er ein immunogen sjukdom; immunsystemet blir hindra i arbeidet sitt. Det vil sei, det gjer for såvidt jobben sin, berre at det har ein blind flekk i passkontrollen – det slepper gjennom kreftceller. Kreftceller er jo ikkje noko som kjem utanfrå, som virus, derfor ser immunssytemet dei som våre eigne, “vennlege”. Prisvinnarane fann at ved å slå av det som hemmer immunresponsen blir immunresponsen mot kreft meir effektiv.

Dei som har spreiing, har i tillegg gjerne masse protein og liknande i kroppen som triggar ein auka immunrespons. Kunnskap om biologi generelt blir derfor ein vesentleg faktor, særs når kreften ikkje kan opererast vekk, og dette er på frammarsj i tenking om kreft generelt.

genmutasjon

Her ser du at mykje er på gang. Kreft er meir enn ein svulst, genmutasjonar kan ikkje forklara alt.

Det finst no betre stoff til behandling av avansert melanom, det går altså på å omprogrammere immunsystemet til å angripa kroppens eigne celler. Biverknad kan komme i form av autoimmunitet, men det kan behandlast og er uansett smått i forhold til kva cellegift kan medføre. Fyrste generasjon ipilimubab verka godt hos nokon, men ikkje alle. Ved andre generasjons pembrolizumab og nivolumab, det vanlege no, er meir enn 50 prosent i live 4 år, og mange blir langtidsoverlevarar.

Snart kjem sola – kos dykk utandørs, men ikkje bli solbrent.

Overlege/professor Oddbjørn Straume