Ved Karl-Henning Kalland, Professor, dr.med., overlege
Klinisk institutt 2, Universitetet i Bergen, Mikrobiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen.
Årleg kreftkongress
I april 2017 var over 20.000 kreftforskarar samla i Washington DC på den store kreftkongressen til American Association for Cancer Research for å presentere og diskutere framskritt i kreftforskinga. I endå større grad enn i 2016 var det immunterapi som fekk størst merksemd. Fleire grupper frå Bergen var med. Ein konklusjon eg drar etter møtet, er at framleis er det aller beste å førebygge der det er mogleg og å oppdage så tidleg som mogleg. Det er imidlertid eit realistisk håp å gjere kreft til ein handterbar sjukdom som ein kan leve med.
Ein del «men»…
Ein kan seie at for dei pasientane som immunterapien fungerer for, så fungerer den ofte svært godt. Likevel er vi dessverre ikkje enno i stand til å mobilisere immunapparatet like effektivt på fleirtalet av dei med spreiing, for det finst mange men. Noko har å gjere med relasjonen mellom medikamenttype og krefttype.
Den eine nye medikamenttypen som stimulerer immunsystemet til angrep på kreftvev, er kalla immun sjekkpunkthemmar. Men sjekkpunkthemmarane verkar best på enkelte krefttypar, spesielt føflekkreft og visse typar nyrekreft og lungekreft, og har så langt vist langt mindre effekt ved til dømes prostatakreft og brystkreft, og sjølv ved føflekkreft er det mindre enn halvparten av pasientane som blir langvarig kurerte av utbreidd kreft.
...men og lovande
Eit viktig nytt framskritt er at det er blitt klarare kven som kan forvente effekt av immun sjekkpunkthemmarane, det er viktig fordi biverknadane av behandlinga ikkje er bagatellmessige. Dei krefttypane som mest effektivt kan angripast med hemmarar, og som fylgjeleg er mest logisk å behandle , er dei som har flest mutasjonar (genendringar) i arvestoffet.
Immunapparatet er jo utvikla for angripe det som blir oppfatta som «framandt» i kroppen, det er slik infeksjonar blir nedkjempa. Kreftceller som muterer, blir naturlegvis lettare oppfatta som framande og stimulerer derfor immunsystemet til angrep.
Ei anna svært viktig oppdaging er at for føflekkreft og andre krefttypar der sjekkpunkthemmarane har effekt, så er det graden av infiltrasjon av immunceller i kreftvevet før behandlinga startar som er kritisk. Dette er det heldigvis mogleg for patologane å studere i ei vevsprøve frå kreftsvulsten. Dei pasientane som har invasjon av immunceller i kreftvevet på førehand, er dei som får best effekt av sjekkpunkthemmarane. Behandlinga ser ut til å verke ved å stimulere, «gi gass», til den immunreaksjonen som alt er i gang. Det står med andre ord fast at tidleg diagnose med korrekt behandling er det aller viktigaste for utsiktene til definitiv kur.
Forsøk på Haukeland
Immunterapi er alt tatt i bruk i Bergen for visse krefttypar. Forskningsgruppa mi ved Klinisk Institutt 2 ved Universitetet i Bergen har arbeidd med nye behandlingsmetodar for prostatakreft med spreiing og har starta ei klinisk utprøving av ein metode som vi kallar cryoimmunterapi, forkorta CryoIT. Det er kun 18 – 20 pasientar som CryoIT skal prøvast på i fyrste omgang, dei blir etter strenge kriterier valgt ut ved Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk og Urologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus.
Det urologiske teamet i Bergen i gang med ei CryoIT-behandling. Foto: Karl- Henning Kalland
Eitt interessant forhold med CryoIT, er at metoden teoretisk kan ha effekt på pasientar som ìkkje har infiltrasjon av immunceller i sjølve kreftvevet frå før. CryoIT kan skape ein ønska immunreaksjon ved at den typen immunceller som vanlegvis startar immunreaksjonar, såkalla dendrittiske celler som finst blant våre normale celler, blir tatt ut av pasienten og deretter sprøytt inn i kreftvevet hans av urologiske kirurgar. Desse spesielle immuncellene, dendrittcellene, kan nemleg oppdage «framand» kreftprotein i vev som fyrst er frysebehandla i kroppen med ein spesialmetode av kirurgane, og denne fryseprosessen er altså gjort i forkant.
Eit anna viktig forhold med denne metoden er at dei dendrittiske cellene «ser» og reagerer på dei kreftprotein som blir danna i den enkelte pasient. For kreftprotein er noko som varierer mykje frå pasient til pasient, men dermed utgjer denne heterogeniteten i seg sjølv ei utfordring for kreftbehandling. Resultata av CryoIT er ikkje klare, men i denne fasen er det fyrste målet å teste at behandlinga ikkje har uventa bivverknadar ettersom dosane av dendrittiske celler blir gradvis oppjusterte, og dette ser så langt lovande ut.
Les meir om studien
Utfordringar
Det er i gang fleire forskningsprosjekt, for eksempel immunterapi basert på genteknologi av immunceller, for å komme vidare med dei mange problema som framleis er uløyste.
Immunsystemet har skjulte krefter som ein tidlegare knapt trudde var mogleg, men kreftceller har ei stor evne til sno seg unna immunangrep ved at dei forandrar seg gjennom nye mutasjonar og omprogrammering av genuttrykket.
Endå større forståing av immunsystemet blir nødvendig og immunterapien må sannsynlegvis bli kombinert og styrka med nye målretta medikament for å hindre at kreftceller utviklar immunresistens.