HELSENORGE

Hormonrelaterte faktorar som biomarkørar ved livmorkreft

Ved hjelp av biomarkørar kan ein betre føreseie kva for pasientar som har ei aggressiv form for livmorkreft, og det muliggjer ei meir skreddarsydd behandling, skriv PhD Ingvild Løberg Tangen.
Artikkelforfattar Ingvild Løberg Tangen

Foto: Anne Sidsel Herdlevær

Mange kreftsvulstar i livmora er hormonavhengige (endometrioide svulstar), og ein antek at forstyrring i hormonbalansen kan påverke utviklinga av denne typen livmorkreft. I forskingsprosjektet mitt har eg derfor hatt spesielt fokus på biomarkørar (1) involvert i hormonsignalering.

Studier av biomarkørar

Eg studerte om hormonreseptorane progesteron- og androgenreseptor samt to andre faktorar involvert i hormonsignalering, FOXA1 og ATAD2 var tilstades i ulike svulstar og kva betydning dette har for pasientar med livmorkreft. Studiene viser at uttrykk av desse faktorane kan føreseie om pasienten har ei meir eller ei mindre aggressiv form for sjukdom, og kan være nyttige biomarkørar ved livmorkreft. I tillegg undersøkte eg om uttrykket av desse markørane endrar seg frå den opprinnelege svulsten til svulstane som blir danna når sjukdommen spreier seg til andre stader i kroppen (metastasar). Studiane viste at uttrykket av progesteronreseptor, androgenreseptor og FOXA1 endra seg frå den opprinnelege svulsten og til metastasane hos ein stor andel av pasientane, mens uttrykk av ATAD2 var tilsvarande i den opprinnelige svulsten og metastasane.

Ein biomarkør kan, generelt sagt, også vere eit angrepspunkt for målretta behandling, og viss nærværet av den endrar seg frå den opprinnelige svulsten og til metastasane vil dette ha betydning for behandlingseffekta. Det som var eit mål for behandling i den opprinnelige svulsten er ikkje nødvendigvis til stades i metastasane.
Vidare studier er planlagt for å undersøkje om markørane eg studerte har potensial som angrepspunkt for skreddarsydd behandling, og om dei kan identifisere kva pasientgrupper som vil ha nytte av målretta behandling.

Ingvild Løberg Tangen, farmasøyt.

Ho disputerte 7. oktober 2016 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "Hormone signaling related factors as biomarkers in endometrial cancer". Doktorgradsarbeidet blei utført ved Klinisk institutt 2 ved Universitetet i Bergen og Kvinneklinikken. Ved sistnemna held Bergen gynekologiske kreftforskingsgruppe til og ho består av varierte profesjonar og har som formål å få betre kunnskap om korleis underlivskreft oppstår og utviklar seg, og dermed kunne gje ei betre og meir målretta behandling for kvar enkelt pasient.

(1) Ein biomarkør er ein biologisk indikator som kan sei noko om prognose eller kva behandling som er best for pasienten. Det kan for eksempel vere uttrykk (nærvær eller tap) av eit protein eller ei endring i eit gen. Mange krefttypar har spesifikke biomarkørar som blir nytta ved behandling av pasientane, men for pasientar med livmorkreft er det få biomarkørar tilgjengelig for bruk i klinisk praksis i dag.

Fakta om livmorkreft

Livmorkreft er den vanlegaste forma for gynekologisk kreft i den vestlege verda. I 2014 fikk meir enn 700 kvinner diagnosen livmorkreft i Noreg. I dei fleste tilfelle kan sjukdommen kurerast ved å fjerna livmor og eggstokkar kirurgisk. Nokre svulsttypar er likevel meir hissige enn andre og fører oftare til tilbakefall. For desse pasientane vil tilleggsbehandling utover kirurgi i form av cellegift, stråling eller hormonbehandling vera aktuelt.

Studiane

Tangen IL, Krakstad C, Halle MK, Werner HM, Oyan AM, Kusonmano K, Petersen K, Kalland KH, Akslen LA, Trovik J, Hurtado A, Salvesen HB:
Switch in FOXA1 status associates with endometrial cancer progression.
PLoS One 2014, 9(5):e98069.

Tangen IL, Werner HM, Berg A, Halle MK, Kusonmano K, Trovik J, Hoivik EA, Mills GB, Krakstad C, Salvesen HB: Loss of progesterone receptor links to high proloferation and increases from primary to metastatic endometrial cancer lesions. European Journal of Cancer 2014, 50(17):3003-10.

Krakstad C, Tangen IL, Hoivik EA, Halle MK, Berg A, Werner HM, Ræder MB, Kusonmano K, Zou JX, Øyan AM, Stefansson I, Trovik J, Kalland KH, Chen HW, Salvesen HB: ATAD2 overexpression links to enrichment of B-MYB-translational signatures and development of aggressive endometrial carcinoma. Oncotarget 2015, 6(29):28440-52.

Tangen IL, Bredholt T, Kopperud R, Berg A, Halle MK, Oyan AM, Werner HM, Trovik J, Kalland KH, Salvesen HB#, Krakstad C#: Androgen receptor as potential therapeutic target in metastatic endometrial carcinoma. Under revision; Oncotarget 2016, 7(31):49289-49298