HELSENORGE

Gamalt legemiddel hemmar hjernekreft

Ein gamal medisin som hemmar antioksidantar kan auke effekten av strålebehandling på hjernekreft.

Hjernekreft er vanskeleg å behandle 

Vi veit at stråling er ei effektiv behandlingsform for mange krefttypar. Problemet med hjernekreft er at desse cellene ofte er motstandsdyktige mot stråling. Ei anna utfordring er at stråling også kan skade normalt vev, og i hjernen er dette ekstra utfordrande sidan ein risikerer å skade viktige funksjonar som til dømes språk og rørsle. Difor er det berre ein viss dose stråling som kan bli gitt.  

Fakta om hjernekreft

Hjernekreften glioblastom er den vanlegaste og mest alvorlege kreften i hjernen hos vaksne, og rammar om lag 300 personar i Noreg per år. Trass i eit intensivt behandlingsopplegg, oftast beståande av operasjon og deretter ein kombinasjon av stråling og cellegift, er prognosen for denne kreftforma dårleg.

Antioksidantar hjelper hjernekreftceller å motstå stråling 

Mykje av skaden som blir påført kreftceller når dei vert strålt skjer via såkalla frie oksygenradikalar, desse skadar kreftcellenes DNA. Effekten av strålebehandlinga er avhengig av fleire faktorar, til dømes nivået av antioksidantar i cellene. Slike frie oksygenradikalar kan nemleg "nøytraliserast" ved hjelp av antioksidantar. Vi har sett at i hjernekreftceller er nivåa av antioksidantar ofte auka, og dette kan vere litt av årsaka til at desse cellene er så motstandsdyktige mot stråling. Vår teori var difor at dersom vi klarte å få redusert mengda antioksidantar ville strålinga vere meir effektiv.

I produksjon av antioksidantar er aminosyra cystin ein viktig byggjestein, men det finst eit stoff som hemmar ein transportkanal på hjernekreftcellene som leiar cystin inn i cella, nemleg Sulfasalazine.


Nytten av "gamle" medisinar


Å finne ny bruk for gamle medisinar, såkalla drug repurposing, er eit felt i stor vekst. Generelt sett er det å finne nye og effektive behandlingsmåtar for kreft ein tidkrevjande og kostbar prosess, og det tek gjerne meir enn 10 år frå ein klarer å vise eit lovande resultat i laboratoriet til ein har eit medikament som kan brukast av pasientar. Ved å nytte "gamle" medisinar har ein fleire fordelar; det grunnleggjande laboratoriearbeidet med framstilling av medikamentet er gjort, og det er allereie grundig testa i kliniske utprøvingar. Dette forkortar den såkalla pre-kliniske fasen, det vil seie mengda laboratorie- og dyre-studiar som må gjennomførast. Sjølv om medikamentet må gjennom nye kliniske utprøvingar dersom det skal nyttast mot ein ny sjukdom, i dette høvet kreft, er det også sannsynleg at eventuelle biverknader som oppstår vil likne på dei ein har sett i tidlegare utprøvingar med medikamentet. Samla sett betyr dette at det vil vere eit mykje kortare tidsperspektiv på å få eit "gamalt" legemiddel inn i klinisk bruk samanlikna med å utvikle eit nytt.


Ny bruk av gamal medisin

Midt på 2000-talet kom det fleire artiklar som rapporterte at medikamentet Sulfasalazine kunne bremse veksten av hjernekreftceller. Denne medisinen har vore i bruk i mange tiår for betennelsessjukdomar i tarmen og for leddgikt.Ved å behandle cellene med Sulfasalazine har vi i eksperiment på celler i laboratoriet sett at ein får mindre mengder antioksidantar. Dette gjorde igjen til at vi fekk auka celledød i hjernekreftcellene.

Vidare var ein av teoriane våre at når vi fekk nedgang i antioksidantnivået skulle vi også få betre effekt av stråling. Dette er som nemnt fordi antioksidantane hjelper kreftcellene å overleve etter at dei vert strålt, og høge nivå av antioksidantar i kreftcellene påverkar effekten av strålebehandlinga. I celler som både vart behandla med Sulfasalazine og deretter stråling hadde vi meir celledød enn i ubehandla celler, men også meir enn i celler som anten berre hadde fått Sulfasalazine eller berre stråling.

Portrett Anne Sidsel Herdlevær. Foto

Anne Sidsel Herdlevær, UiB

Forlenga overleving hos forsøksrotter 

På bakgrunn av dette gjekk vi vidare til neste forsøk som var å teste det vi hadde gjort i laboratoriet på rotter med hjernekreft. Rottene vart behandla med Sulfasalazine i 3 dagar før dei fekk stråling til tumoren i hjernen. Resultatet frå dette studiet var at rotter som fekk ein kombinasjon av Sulfasalazine og stråling levde lenger enn rotter som ikkje hadde fått behandling, men også lenger enn rotter som berre hadde fått Sulfasalazine eller berre stråling.

Frå dette studiet har vi vist at Sulfasalazine har potensiale til å auke effekten av strålebehandling, og verkar såleis lovande som eit medikament som gjer hjernekreftceller meir mottakelege for stråling.

På bakgrunn av dei lovande resultata vi har sett både i laboratoriet og i våre dyrestudiar planlegg vi no ei klinisk utprøving der Sulfasalazine skal brukast for å prøve å auke effekten av strålebehandling på pasientar med hjernekreft.

Linda Sleire, ph.d., forskar ved Nevroklinikken, Helse Bergen.

(Fyrst publisert 22.4.16.)