HELSENORGE

Forbetra behandling av eggstokkreft

Gitt svulstreduksjonens sentrale tydning for behandlingsutkomme, er det naturleg å utvikle ein betre teknikk for å identifisere svulstvev under operasjon, skriv Line Bjørge, professor ved Kvinneklinikken.

Det er vist ein klar samanheng mellom mengde gjenverande svulstvev og prognose, derfor prøver ein under operasjon å fjerne alt svulstvev. Kirurgi representerer såleis ein viktig hjørnestein i behandlinga av eggstokkreft. Mykje av kirurgiske prosedyrer skjer ved hjelp av augo, men synet kan ikkje identifisere spesifikke molekylære prosessar eller svulstgrenser. Det er altså naturleg å utvikle betre teknikkar for å identifisere svulstvev under operasjon. 

Våre funn

Vi har fokusert på utvikling av teknikkar for klinisk optisk visualisering til å identifisere svulstvev som er vanskeleg eller umogleg å oppdage under synets leiing for å få ei meir målrettet behandling ved eggstokkreft. Sidan 2008 har vi arbeida systematisk med å utvikle dyremodellar for eggstokkreft. Vi etablerte fyrst ein modell med mus som manglar immunsystem kor musene utviklar eit sjukdomsbilde likt det ein ser hos menneske. På samme måte som hos pasientar, viste musene som blei behandla både med kirurgi og kjemoterapi lengst overleving. Den kirurgiske teknikken vi brukte var å fjerne så mykje som mogleg av svulsten mens ein aktiverbar probe (luciferase) var satt kunstig inn i svulstcellene for å synleggjere plassering og storleik av svulsten. Vi har sidan forbetra metodikken for synleggjering, og ein fluorescens-basert antistoffteknikk som også kan brukast preoperativt er no mest brukt. 

Vegen vidare

Vi arbeider no med å kunne kombinere bruken av den fluorescens-baserte antistoffteknikken under den kirurgiske prosedyren med å fjerne så mykje som mogleg av svulsten. Gitt at kirurgi inngår som ein viktig pilar i behandlinga av eggstokkreft, trur vi at utvikling av kirurgiske prosedyrar utført med hjelp av fluorescens-basert visualisering vil resultere i både betre operasjonelle prosedyrar og betre pasientbehandling. Vidare studier må fokusere på korleis ein best mogleg kan individualisere den kirurgiske behandlinga.

 Portrett Line Bjørge. Foto
Line Bjørge, seksjonsoverlege ved Kvinneklinikken, Haukeland universitetssjukehus / Klinisk institutt 2 og CCBIO, UiB

Fakta

​Eggstokkreft er den nest hyppigaste forma for underlivskreft i den vestlege del av verda. Årleg blir rundt 450 nye tilfelle diagnostisert i Noreg. Standard behandling som tilbys er ein kombinasjon av kirurgi og kjemoterapi. Prognosen for kvinnene er enno dårleg, og mindre enn 45% blir kurert. Dette skyldest hovudsakleg at sjukdommen har spreitt seg, og utvikla medikamentresistens (motstand). Utvikling av nye behandlingsstrategiar er derfor nødvendig.  ​