Følger av overvekt ved kreft i livmorslimhinna

Individtilpassa behandling av kreft i livmorslimhinna krev større forståing for korleis vekt og feittfordelingsmønster påverkar svulstar. Masse feitt lagra rundt bukorgana ser ut til å auke dødelegheita, uansett vekt.
 
Kreft i livmorslimhinna (endometriekreft), er den vanlegaste gynekologiske kreftforma i vestlige land, og talet på nye tilfelle aukar kvart år. Ei av årsakene til dette er auka hyppigheit av overvekt og fedme i befolkninga. Det er estimert at mellom 30 og 40% av alle tilfelle av livmorkreft i Europa skuldast overvekt. 

Vekt og kreft

Mekanismane bak samanhengen mellom vekt og kreft er truleg samansette: ved overvekt aukar produksjonen av østrogen i feittvev, og høgare østrogennivå gjev auka risiko for å utvikle kreft i livmorslimhinna. Auka feittmengde fører òg til frigjering av betennelsesmolekyl i blodbana. Dette gjev risiko for kreft i ei rekke organ. Overvekt kan i tillegg gi forstyrringar i andre hormonsystem, mellom anna i hormon knytt til energiomsetning, som til dømes insulin. Til saman trur ein at dette er viktige grunnar til at førekomsten av kreft i livmorslimhinna er aukande i vestlege land. Livmorslimhinnekreft gjev ofte symptom i form av bløding, og mange pasientar kjem difor tidleg til behandling, med gode utsikter for å verte heilt friske av sjukdommen. Likevel får ein betydeleg andel tilbakefall, utan at ein med visshet kan føreseie kven dette er.

Overvekt, feittfordelingsmønster og overleving

Der er ynskjeleg å finne nye faktorar, såkalla biomarkørar, som kan betre risikoklassifisering av pasientar med kreft i livmorslimhinna på eit tidleg stadium. Slik tenker ein at ein kan gi meir målretta og individtilpassa behandling – og dermed minske risikoen for både over- og underbehandling. Individtilpassa kreftbehandling krevjar at ein aukar forståelsen av samanhengen mellom kliniske karakteristika og kreftsvulstens biologi, til dømes korleis overvekt og fedme påverkar kreftsvulsten.

I ein nyleg publisert doktorgrad har vi i kreftforskningsgruppa ved Kvinneklinikken i Bergen studert pasientar som vart behandla for kreft i livmorslimhinna ved Haukeland universitetssjukehus mellom 1980 og 2015. Mellom anna ynskte vi å studere korleis overvekt og fedme er knytt til overleving ved denne krefttypen, og om feittfordelingsmønster påverkar overleving. I tillegg ville vi undersøke om det er biologiske forskjellar på kreftsvulstane knytt til overvekt/fedme.

Vi fann at kvinner med kroppsmasseindeks (KMI) over 25 oftare utvikla svulstar av mindre aggressiv karakter. Våre data tyda også på at kvinner med overvekt og fedme noko sjeldnare døydde av kreft i livmorslimhinna samanlikna med kvinner med KMI under 25. Likevel, når ein så såg på dødsfall uansett årsak, såg ein at kvinnene med kreft i livmorslimhinna og KMI over 25 hadde auka risiko for å døy innan ein 10-års periode samanlikna med dei som var normalvektige. Dette kan truleg forklarast med at overvekt også aukar risikoen for ei rekke andre sjukdommar, som til dømes hjarte-karsjukdom og diabetes.

Vi ville også undersøke om feittfordeling var relatert dødsfall av kreft i livmorslimhinna. Ved hjelp av avanserte bildediagnostiske metodar måla vi feittmengde i buken til kvinner med påvist kreft i livmorslimhinna. I denne studien fann vi at dei som hadde ein høg andel feitt lagra rundt bukorgana oftare døydde av sin kreftsjukdom enn dei som hadde meir av feittet lagra i underhuda. Desse forskjellane i overleving var uavhengige av pasientane si vekt/KMI. Ut frå denne studien kan det synest som at ikkje berre feittmengden, men også mønsteret for korleis feittet er lagra (både inne i buken og i underhuda), påverkar risikoen for å døy av kreft i livmorslimhinna. 
 

Kroppsmasseindeks

- KMI reknast ut etter formelen: vekt (kg)/kvadratet av høgda (m2)
- Verdas helseorganisasjon (WHO) si klassifisering av KMI: 
 

<18.5
Undervekt

18.5 - 25
Normal vekt

25 - 30
Overvekt

30 - 35
Fedme, klasse 1

35 - 40
Fedme, klasse 2

>= 40
Fedme, klasse 3


Biologiske forskjellar knytt til KMI

I avhandlinga studerte vi også den vanlegaste forma for kreft i livmorslimhinna, såkalla endometrioid type. Dette utgjer omlag 80% av alle svulstane, og er den typen som er antatt mest påverka av østrogenstimulering. I denne studien undersøkte vi kva slags protein kreftcellene hadde ”skrudd på” i relasjon til pasienten sin KMI.

Vi fann tydelege forskjellar.
Svulstane til dei som hadde KMI over 30 hadde oftare aktiverte hormonreseptorar, som mellom anna kan binde østrogen og dermed formidle hormonsignala vidare inn i cellene.
Kreftsvulstane til dei som var normalvektige eller lett overvektige (KMI 20-30) hadde oftare aktiverte protein i MAPK-familien; desse proteina inngår i ein signalveg som regulerer mellom anna cellevekst, uttrykk av gen og celledød. ”Feil” i denne signalvegen er ofte involvert i kreftutvikling, og det er dei seinare år utvikla fleire medikament som blokkerer ulike protein for å hemme vekst av kreftceller, men ingen er førebels i klinisk bruk ved behandling av kreft i livmorslimhinna.

Vegen vidare

Gjennom dei ulike studiane i avhandlinga har vi funne biologiske forskjellar på kreftsvulstane relatert KMI og feittfordelingsmønster. Dei underliggande mekanismane er førebels ikkje fullstendig forstått, og kreftforskningsgruppa på Kvinneklinikken vil arbeide vidare med å kartlegge korleis dette heng saman, for å kunne utnytte dette i individtilpassa behandling. Resultata frå studiane kan tyde på at ein i nokre tilfelle kan utnytte ulike medikament i forhold til KMI og svulsttype, og dette ynskjer vi å studere vidare slik at det kan kome pasientar til gode i framtida.

Det er likevel viktig å poengtere at det kanskje einskild viktigaste tiltaket for å hindre nye tilfelle av kreft i livmorslimhinna er å spreie bodskapen om samanhengen mellom overvekt og risikoen for kreftutvikling. Ved å førebyggja overvekt og fedme i befolkninga vil ein truleg kvart år kunne unngå svært mange nye tilfelle.

Karen Klepsland Mauland, dokter, PhD, UiB/Haukeland universitetssjukehus

(Avhandlinga er publisert på nett, http://bora.uib.no/handle/1956/16202 med tittel: Context related biomarkers in endometrial cancer: a study with focus on obesity and genomic alterations, og kan lånast på Unversitetsbiblioteket.)