HELSENORGE

Det gamle medikamentet warfarin kan hemme kreftutvikling

Proteinet AXL er ofte til stades ved vondarta kreft, så ved å hemme det med medikament kan ein teoretisk gje kreften mindre høve til å spreie seg.

Ilag med forskingsgruppa ved Institutt for biomedisin undersøkte eg om eit gammalt og mykje brukt blodfortynnande medikament, vitamin-k hemmaren warfarin (i Noreg solgt som Marevan) kunne få ein ny bruk - å hemme AXL (såkalla drugrepurposing).

Gry Haaland, dokter ved Kreftavdelinga
Gry Haaland, dokter ved Kreftavdelinga

AXL og Warfarin

Mottakar/reseptor-proteinet AXL ofte er til stades ved vondarta kreft, og at auka nivå av AXL er nært knytt til dårlig prognose og redusert overleving. Å hemme AXL med medikament kan teoretisk auke effekten til fleire ulike kreftbehandlingar. Warfarin verkar ved å hemme aktiveringa av vitamin K og vitamin K avhengige protein i kroppen. Derfor er warfarin ein effektiv blodfortynnar, fordi dei fleste av desse proteina er relatert til blodet si evne til å levre seg.

 

Marevan gav friskare forsøksmus

Prekliniske studier utført i nært samarbeid med leiande forskarar i Dallas, USA, viste at warfarin effektivt hemmar utviklinga av bukspyttkjertelkreft hos mus, og reduserer samtidig spreiing av kreften ved å blokkere AXL-reseptoren. Me såg vidare at warfarin gjorde at vanleg cellegift-behandling av musene blei meir effektiv. Vi viste og at desse resultata var nært knytt til blokkering av AXL-reseptoren. 

Funna frå denne studien reiste spørsmål om bruken av Marevan kunne påverke førekomsten av kreft hos menneske, og kanskje ikkje berre ift bukspyttkjertelkreft heller. Vi gjekk derfor i gang med å kople data frå Folkeregisteret, Kreftregisteret og Reseptregisteret. 

Helseregistre

I Noreg er vi så heldige at vi har fleire nasjonale helseregistre som inneheld opplysningar om mange ulike helsetilstander. Det er mogleg å kople saman opplysningar frå dei ulike registra i forsking, noko som gjev oss tilgang til svært nyttig informasjon. Denne moglegheita er relativt unik på verdensbasis. Kreftregisteret er eit av dei eldste helseregistra i Noreg. Det inneheld opplysningar om alle tilfelle av Kreft i Noreg sidan 1953, og har over 99% dekningsgrad. Reseptregisteret blei etablert i 2004 og inneheld informasjon om alle reseptar som er henta ut ved norske apotek.



Vi definerte ei gruppe frå Folkeregisteret som inkluderte over ein million nordmenn over 50 år, og kopla den saman med data frå Kreftregisteret og Reseptregisteret. Deretter såg vi på førekomsten av kreft hos Marevanbrukarar i Noreg, samanlikna med ikkje-brukarar, i perioden 2006-2012.

Funna i denne studien bekrefta dei prekliniske funna, og viser at det er lågare førekomst av kreft hos personar som brukar Marevan samanlikna med ikkje-brukarar. Dette gjeld alle kreftformer, men i varierande grad (for eksempel bryst 10 prosent reduksjon og prostata 31). Sagt på ein annan måte - doktorgradsarbeidet mitt viser at warfarin hemmar AXL-reseptoren og understreker rolla AXL spelar i utviklinga av kreft.
 

Reduserer kreft

 Vi gjorde vidare analyser på ei undergruppe av marevanbrukarane, nemleg nokre som hadde fått resept på marevan på bakgrunn av atrieflimmer eller atrieflutter. Denne pasientgruppa bruker medikamentet for å førebyggje blodpropp grunna ujamn hjarterytme. I denne gruppa såg me ytterlegare reduksjon av kreftførekomsten. 

Dette doktergradsarbeidet indikerer at eit veletablert blodfortynnande medikament kan ha ein mogleg kreftbeskyttande effekt, og viser potensialet AXL-hemming har i førebygging og behandling av ulike kreftformer.


 
Gry Sandvik Haaland, Phd og dokter i spesialisering ved Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk.