HELSENORGE

Dekoding av koplinga mellom fedme og brystkreft

Overvekt er ein kjent risikofaktor ved fleire typar kreft. Kvinner med fedme har auka hyppigheit av brystkreft og dårlegare prognose samanlikna med normalvektige kvinner etter overgangsalderen. I eit nytt doktergradsarbeid frå Universitetet i Bergen har Xiaozheng Liu undersøkt korleis overvekt og fedme påverkar danning av kreftceller i brystkreft, med tanke på utvikling av målretta behandling for overvektige brystkreftpasientar. Her fortel ho om viktige funn frå dette prosjektet.  

To viktige funn

Svulstvev frå svært overvektige dyr og menneske har større grad av stamcelle-liknande eigenskapar, som evne til sjølvfornying, differensiering og initiering av nye grupper med kreftceller – eigenskapar som er viktige for framvekst av svulstar, spreiing og medikamentresistens. I ein studie som såg på mekanismane bak denne koplinga mellom fedme og svulstvekst, identifiserte vi eit protein kalla C/EBPB, som verker inn på utviklinga av stamcelle-liknande kreftceller under feitt-rike vilkår. Ved å angripe dette proteinet kunne vi hindre danning av brystkreft i vesentleg grad hos svært overvektige mus.

Dette funnet gir ny innsikt som kan vere viktig for utvikling av målretta behandling for overvektige kvinner med brystkreft.

C/EBPB-dependent adaptation to palmitic acid promotes tumor formation in hormone receptor negative breast cancer | Nature Communications

I ein annan del av prosjektet har vi utvikla antistoff som rettar seg mot proteinet human ETP. ETP er høgt uttrykt i feittvev, og ein har tidlegare sett at proteinet kan fremje kreftutvikling i celler frå mus. For å overføre denne kunnskapen til klinisk praksis utførte vi eksperiment på cellelinjer med brystkreftceller frå menneske. Antistoffet viste seg å vere effektivt, og verka hemmande på både svulstutvikling og medikamentresistens i brystkreftceller frå menneske.​

Forskar Xiaozheng Liu (fotograf Jørgen Barth), UiB)

Forskar Xiaozheng Liu (fotograf Jørgen Barth), UiB)

Om mus og menn

Tidlegare studier fokuserte på museceller i museforsøk. I desse studiane laga forskarane difor antistoff målretta mot muse-ETP. Vi veit at resultat frå dyreforsøk ikkje alltid kan overførast til menneske. Det nye med resultata i dette prosjektet er: 1) vi bekrefta at ETP spelar den same biologiske rolla i menneske, 2) vi utvikla antistoff målretta mot human ETP og undersøkte effekten på celler frå menneske*; dette er eit viktig steg på vegen mot ein klinisk studie.

*Humane kreftcellelinjer kjem opprinneleg frå vevsprøver av kreftsvulster hos menneske. Dei kan fornyast eller dyrkast, gjentatte gonger på cellekulturplater på laboratoriet, viss vi syter for gode vekstforhold. Cellelinjer er eit nyttig forskingsverktøy som har blitt mykje brukt innan forsking på kreft og nye medikament.

JCI Insight - Human endotrophin as a driver of malignant tumor growth

 

Underbehandling av overvektige pasientar

Andre forskarar har gjort studier som peikar på at kreftpasientar med overvekt og fedme ofte får for lave dosar med cellegift og dermed blir underbehandla, noko som bidrar til dårlegare prognose og lavare overleving. Her er éin statistikk

https://jamanetwork.com/journals/jamainternalmedicine/fullarticle/486597

 

Doktergradsavhandlinga: https://bora.uib.no/bora-xmlui/handle/11250/2978114

​Xiaozheng Liu (PhD) 

Institutt for Biomedisin UiB/Halberg laboratorium 

​