HELSENORGE

Dårleg leiing, ukultur og nedbemanning – ikkje greit å vere celle i eit gamalt bryst

Etter overgangsalderen blir normale kreftbeskyttande mekanismar hemma i brystet.

Levekåra til brystceller

 Eg har samanlikna brystceller frå kvinner før og etter overgangsalderen. Desse cellene har levd i forskjellige mikromiljø. Mikromiljøet er den umiddelbare omgivnaden rundt kvar celle og består av naboceller, signalmolekyl og fiberprotein. Mikromiljøet fungerer på samme måte som eit nabolag i den forstand at eit godt mikromiljø bringar fram gode eigenskapar hos borgarane sine, mens eit dårleg mikromiljø gjer cella antisosial og aggressiv.
Kroppen er nemleg ikkje eit genetisk einevelde. Det som gjeld er ikkje berre kva gener du har, men kva for nokre gener som faktisk blir brukt som oppskrift til å lage protein. Og korleis blir det bestemt? Jo, vevet rundt cellene driv intens lobbyverksemd og avgjer kva gener som får lov å uttrykkje seg i den enkelte celle.

Eg oppdaga at celler som har levd i ein gammal kropp ikkje tar instruksjon frå omgivnaden på samme måte som celler i ein ung kropp gjer. Celler som har levd i eit gammalt mikromiljø reagerer dessutan tregare på instruksjonar frå omgivnaden. Desse forandringane skyldast truleg at ei celle som har levd i ein gammal kropp er blitt ei anna, ho har forandra identitet etter lengre tids opphald i eit forandra mikromiljø. 

Ulike typar brystkreft


Éin type brystkreft er aggressiv, då tar ikkje cellene lenger imot beskjedar frå kjønnshormona. Brystkreft knytta til arvelege mutasjonar slik som mutert BRCA gen resulterer i denne type brystkreft, som gjerne oppstår før overgangsalderen. Fleirtalet av dei som får brystkreft er derimot eldre kvinner. Gjennomsnittsalderen for ein brystkreftdiagnose i Noreg er 62 år. Den typen brystkreft eldre kvinner utviklar er typisk mindre aggressiv, cellene har framleis evne til å respondere på hormonar og kreften er i større grad korrelert med overvekt, antal graviditetar og ammeperiodar – altså miljø framfor gener.

 

 

Forverra levekår i aldrande mikromiljø

 Eit aldrande mikromiljø er kjenneteikna av ei moglegvis velmeint, men ikkje heilt vellukka strukturell omorganisering av dei ulike «avdelingane» i brystet, idet mjølkeproduksjonen blir avvikla i overgangsalderen. Ein kan gjerne skylde på dårleg leiing frå hormonane si side, men det har antakeleg herska ein ukultur lenge før nedbemanninga av mjølkeproduserande celler blei iverksett.

Feittceller flyttar inn der det ein gong var mjølkeproduserande celler. Feittcellene freistar å ta over leiinga ved å produsere kjønnshormonet østrogen. Einsidig østrogenstimulering utan innspel frå spesialiseringshormonet progesteron promoterer vekst på bekostning av funksjon, og me får ei overflod av melkekjertelceller som ikkje verkar, men berre driv dank og tar opp plass.

Det rådgivande laget av fiberprotein (laminin og kollagen IV) rundt kvar mjølkeproduserande einheit i kjertelen blir brote ned og andre fiberprotein (kollagen I og fibronektin) tilhøyrande heilt andre avdelingar får sleppe til. Det gamle brystet produserer mykje kollagen I og fibronektin. Slike fiberprotein har ein tendens til å krisemaksimere, dei melder om skade i mikromiljøet sjølv om alt er vel. Dermed får ein kronisk betennelse i den nedlagte mjølkefabrikken, som eit samfunn i evig unntakstilstand.

Gamle celler er vel og merke ikkje automatisk kreftcellar. Dei har sagt opp jobben og er ikkje lenger spesialisert til å gjere noko nyttig , dei likar gjerne å tru at dei er stamcellar med masse potensial framfor seg. Der tar dei sjølvsagt ganske feil. Det einaste dei har potensial for er enten å døy ubemerka eller gjere skade.

Muterte celler bør utføre sjølvmord

Den manglande evna til å reagere og gjere nytte for seg gjer at cellene i dei eldre kvinnene ikkje følgjer reglane for rett cellulær opptreden skulle ein kreftmutasjon oppstå. Ei kvar fornuftig celle vil i slike tilfelle sporenstreks utføre sjølvmord og fjerne seg sjølv frå vevet.

Eg observerte derimot at enkelte brystceller i eldre mikromiljø gav blaffen i slike reglar. Dei levde vidare med mutasjonen som om intet hadde skjedd. Nokre av cellene frå eldre kvinner levde på laboratoriet i beste velgåande i fleire cellegenerasjonar, opp til fleire månada, utan så mykje som å vurdere sjølvmord, mens andre innsåg realitetane og la inn årene etter berre nokre dagar. Prøvane av celler frå eldre damer hadde til felles at dei ìkkje tok sjølvmord slik celler frå yngre damer pliktoppfyllande gjorde i den augneblink kreftmutasjonen blei introdusert i cella.
 

Cellesjølvmord

Cellesjølvmord (apoptose) er kroppens viktigaste forsvar mot kreft. Mutasjonar oppstår heile tida, men heldigvis er ei mutert celle villig til å ofre seg for kollektivet, ved å ta sjølvmord. Slik er det multicellulære samfunnet innordna, vi kan prise oss lykkeleg for det. Det er dei veldig få unntaka der muterte celler nektar å døy det blir kreft av.

 

 
 

 

Utsetje dårleg mikromiljø

Er det noko vi kan gjere for å påverke mikromiljøet? Det er iallfall ikkje bevist at cellenes skjebne ikkje kan bli påverka. Enkelte studiar hevder at vi gjennom sunn livsstil og riktig kosthald kan utsetje og teoretisk sett snu utviklinga mot eit dårleg mikromiljø og medfølgande kreft (sjå lenker). Unngår vi overvekt treng ikkje cellene handtere stadig unntakstilstand i form av betennelse og inkompetent leiing frå feittcellene. Stompar vi røyken vert det mindre kaos forårsaka av krisemaksimeringa til fibronektin. Men ja, kreft skuldast i stor grad tilfeldigheiter du verken kan klandrast for eller påverke. 

Henriette C. Ertsås Avhandling og papers og supplementary 04.01.18 (pdf)

Lenkjer

https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/27468217

https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/29790221

https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/12711737

https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/23121183