HELSENORGE

Cellulær immunterapi under utvikling

Ved kreft reagerer immunforsvaret for lite, og celler som burde ha blitt ødelagt overlever og veks ukontrollert. Det kan tenkast at sjukdomsforma kan helbredast viss ein kan lære immunsystemet korleis det skal - eller ikkje skal - reagere.

​​​Ved bruk av cellulær immunterapi prøver ein å gjere nettopp det ved bruk av eigne immunceller, men kvifor treng immuncellene av og til hjelp til å bekjempe kreft? Ei utfordring immunforsvaret kjempar med er at kroppen først må kunne kjenne igjen kreftcellene som farlege. Den andre utfordringa er at det ofte oppstår ein dempande effekt som blokkerer immunforsvaret i området der kreften har blitt bekjempa lenge. Dette er normalt for å forhindre betennelse, men i kreftsamanheng kan denne dempande feedbackmekanismen vere eit av dei kritiske forholda som vippar balansen til kreftcellenes fordel. Tanken er då å ta opp kampen igjen ved å hjelpe immunforsvaret når det har jobba seg inn i ein blindveg. 

Celler tas ut av pasient

Ein mogleg metode for å hjelpe immunforsvaret i desse tilfella er Cellulær immunterapi – det vil sei å bruke sjølve immuncellene. Ideen er å ta pasienten sine eigne celler som ikkje har blitt sett i beredskap enno og utdanne desse utanfor kroppen. Dermed skal det miljøet som hindrar den rette utdanninga av nye immunceller i kroppen ikkje kunne øydeleggje for desse når dei blir tatt ut av kroppen. Når utdanninga utanfor kroppen er ferdig, så kan cellene bli gitt tilbake til pasienten for å gjere den jobben immunsystemet hadde gjort viss alt hadde vore under kontroll, nemleg å fjerne kreftcellene før dei gjer (meir) skade. 

Utdanning av celler utanfor kroppen

Det blir jobba hardt med å utvikle metodar for å leie immunsystemet på rett veg ved slike kritiske punkt. Mitt forskingsarbeid handla om ein av dei mange brikkene som må fungere viss ein skal lykkast med cellulær immunterapi: utdanninga av cellene utanfor kroppen. Når ein først har isolert cellene ein ønskjer å bruke, så blir desse vanlegvis putta på ei plate laga av ein spesiell type plast og så stimulert gjennom stoff som blir tilført deira næringsvæske. Ein del arbeid har blitt gjort allereie i forhold til korleis cellene skal bli stimulert i næringsvæska, men vi la merke til at det mangla forståing om kva rolla til plata var i denne utdanninga. Vi samanlikna derfor ei vanleg plate cellene pleier å feste seg på mens dei blir stimulert, med ei plate celler ikkje kan feste seg på. Vi kunne vise at cellene i dei to forskjellige forholda blei forskjellige på mange måtar. Når vi for eksempel stimulerte på ein måte som simulerer ein bakteriell infeksjon i området, så ville dei cellene som blei utdanna på plastoverflata starte ein betennelsesreaksjon mens de cellene som blei utdanna på dei spesielle overflatene heller ville hente hjelp frå andre immunceller.

Framtidig forsking må vise om denne forskjellen i vekstforholda er ein avgjerende faktor for å få den best moglege utdanning av cellene før dei blir sent tilbake på jobb i pasientens kropp. 

Framtida

Immunsystemet er komplisert og interaksjonen med kreftcellene er ikkje mindre komplisert. Dessutan er kvar kreft og kvar pasient forskjellig, og miljøet i kroppen er ikkje statisk heller, særleg når den har komme ut av balanse. Likevel har denne immunterapiideen begynt å få lovande resultat, gjerne som kombinasjonsterapi kor ein siktar på flere kritiske knutepunkt samstundes. Det finst berre nokre få godkjente immunterapioppsett med celler så langt, og effekten er framleis ikkje så god som ein forventar å kunne få til. Men om alt går bra vil fleire interessante kliniske studier vere suksessfulle innan dei neste åra, som ikkje berree vil gi nye behandlingsmoglegheiter, men som også vil auke forståinga og dermed leggje grunnlag for nye og betre terapimoglegeheiter i framtida. 

Alexander Sauter, postdokter ved Universitetet i Bergen

Arbeidet hans blei gjennomført i lokalt samarbeid med professor Aurora Martinez ved Institutt for biomedisin og professor Silke Appel ved Klinisk Institutt 2.

Klinisk institutt 2 har som oppgave å drive medisinsk forskning, veiledning og undervisning på høyt internasjonalt nivå for å oppnå fakultetets visjon «ny kunnskap for bedre helse». – uib.no.

(Fyrst publisert 13.7.16.)