Auka fare for hjerneslag hos kreftpasientar

Hjerneslag kan vere fyrste symptom på kreft, men det finst enno ikkje standardiserte retningslinjer for screening.

Er det ein samanheng mellom det at vi kvart år har cirka 33.000 nye krefttilfelle i Noreg, samtidig som det cirka er 12.000 nordmenn som får eit hjerneslag? Hjerneinfarkt, den hyppigaste typen hjerneslag, er forårsaka av blodpropp i eit blodkar i hjernen, og pasientar med kreft har auka risiko for å få hjerneinfarkt blant annet fordi kreft kan føre til forandringar i blodet slik at det lettere dannar seg blodproppar. 

Kreftrelaterte hjerneinfarkt

Ved hjelp av data fra NORSTROKE-registeret, Haukeland universitetssjukehus omfattende hjerneslagregister, har forskarar ved Slagenheten kartlagt førekomsten av kreftrelaterte hjerneinfarkt ved Haukeland dei siste åra. Dei har vidare undersøkt kva type hjerneinfarkt kreftpasientar oftast får, pasientanes blodprøvar og dei vanlegaste risikofaktorane (1,3). Risikoen er størst dei fyrste 6 månadane etter kreftdiagnose og avtar med tida (1, 2).

 
 

Screening for alle?


Kreftsjukdommen kan i nokre tilfelle ha forårsaka eit hjerneslag før den har blitt diagnostisert, det vil sei at hjerneslag kan vere fyrste symptom på ein underliggjande og ukjent kreft (3). Eg, som er forskar i Slagforskingsgruppen, fant at ved å setje saman visse blodprøvar og risikofaktorar til slagpasientar, kan ein avdekke kven som kan ha ein aktiv, underliggjende kreft og som derfor bør screenast for kreft (3). For pasientar som er under 75 år kan ein bruke ein kombinasjon av spesifikke blodprøvar (D-dimer og hemoglobin), samt sjekke røykevanar som så angir sannsynlegheita for om kreft er til stades i pasienten og derfor skal gjennomgå fleire undersøkingar som kan avdekke aktiv kreft.

Ein av dei vanlegaste krefttypane forbunde med hjerneslag er lungekreft, fylgjeleg kan screening for eksempel vere CT-bilete av lungene. Dette vil kunne avdekke kreftsjukdom på eit tidligare tidspunkt, noko som vil vere av stor nytte for pasienten sjølv, pårørande og samfunnet. Denne type screening er rett nok noko nevrologane i dag vurderer i kvar pasients tilfelle, men det finst enno ikkje standardiserte retningslinjer for kreftscreening av slagpasientar. Sjølv om risikoen for hjerneslag er dobla for ein pasient like etter kreftdiagnose (3), er det likevel få slagpasientar som har kreft, så for at dette skal innførast må ein derfor gjere fleire studier der ein presiserer kriteriane som bestem kven som blir screena, slik at pasientar ikkje blir utsett for unødige undersøkingar.

Forskaren Vojtech Novotny, også ved Slagenheten, la saman med medarbeidarar frem resultat på European Stroke Conference i år. Han viste også at hjerneslagpasientar med aktiv kreft oftare enn andre slagpasientar får fleire slag samtidig i forskjellige område i hjernen, noko nevrologane kan sjå på MR-bilete like i etterkant av slaget. Dette er eit anna viktig funn som kan gjere det lettare å bestemme kven som skal screenast.

Sjølv om vi no veit meir om korleis avdekke aktiv kreft hos hjerneslagpasientar, samt om risikoen for slag hos kreftpasientar, er tida frå symptomstart til behandling fortsatt det essensielle. Det er viktig å få starta behandling med blodproppoppløysande medisin så raskt som mogleg.

Ring 113

For å unngå at hjernevev dør er altså det viktigaste for kreftpasientar, som andre, å ringje 113 og komme raskt til sjukehus om det skulle oppstå symptom på hjerneslag. Dette kan vere for eksempel problem med å prate, smile eller akutt lamming i arm og/eller beinet.

 

Notar1.Selvik HA, Thomassen L, Logallo N, Næss H. Prior cancer in patients with ischemic stroke: the Bergen NORSTROKE study. J Stroke Cerebrovasc Dis 2014 May-Jun.
https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/24075585
2.Navi BB, Iadecola C. Ischemic stroke in cancer patients: A review of an underappreciated pathology. Annals of Neurology 2018 Apr 6.
https://onlinelibrary.wiley.com/doi/full/10.1002/ana.25227  
3.Selvik HA, Bjerkreim AT, Thomassen L, Waje-Andreassen U, Naess H, Kvistad CE. When to Screen Ischaemic Stroke Patients for Cancer. Cerebrovasc Diseases 2018 Jan 9.
https://www.karger.com/Article/FullText/484668  

Avhandlinga
http://bora.uib.no/handle/1956/17764

Aurora H. Selvik, PhD
Bergen Slagforskningsgruppe, Nevrologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus
Klinisk Institutt 1, Universitetet i Bergen