Utsett trivselsprogram

«Utrivelege», men fornuftige konsekvensar av tiltak mot Covid-19

Kjære pasientar og pårørande ved Kreftavdelinga. 

Nokon av dykk har kanskje erfart at annonserte kulturelle arrangement ikkje har funne stad, at planlagte hendingar er tatt av plakaten. Heldigvis er det ein trøst at alle eg har snakka med, har sagt at vi kan sjå på trivselsprogrammet ikkje som avlyst, men utsett. Det betyr for eksempel at du likevel vil få oppleva foredrag med den kjente og kjære kunstprofessoren Gunnar Danbolt, så snart situasjonen tillet det. Sånn blir det nok også med andre tilbod, som frikort til KODE og Ulriksbanen, og Ungdomsrommet ser fram til nok ein gong å kunne ta imot inneliggjande unge pasientar. 

Helsing trivselskoordinator og drifts- og fritidsleiar for Ungdomsrommet, Lilly Vinje