To kunstnarar representert på Kreftavdelinga

Til teneste - kunst som pasientvelferd

Ingeborg Stanas reine måleri

 

Foto: Nils J. Maudal.

Foto: Nils J. Maudal.

Ingeborg Stana arbeider hovudsakleg* med måleri og opprettheld ein lang og ubrutt tradisjon innan nordisk landskapmåleri, sjiktmåleriet. Stana er mest kjent for det poetiske biletuttrykket sitt med vide horisontar og høge himlar, ein konsistent motivkrets. Hun omtaler renessansens komposisjonslære som «læremeisteren» sin og lar seg inspirere av romantikarane si evne til å til å skape atmosfære i bilda. Men så er det ei viss fornying der også.

 

–Du står tilsynelatende framfor ei harmonisk framstilling av virkelegheita, men ser du nøyare etter, vil du oppdage sprikker og perspektiv som ikkje lar seg foreine. Bilda mine er som kriminalmysterier.

Teknisk sett framstår ho som ein klassisk biletkunstnar som måler med pensel og palett i olje på lerret. Det er ikkje noko teknisk brot med måleritradisjonen ved at ho bruker nye verkemidlar som airbrush eller andre typar material som aluminium eller plexiglass. Stana bedriv såkalla reint måleri.

Deler av teksten er henta frå eit intervju av Linn Carin Dirdal, elles er det Stanas eigne ord (litt redigert av red.)

*På kreftavdelinga er ho representert med eit trykk ved CT-venterommet.
 
 

Det abstrakte i det figurative, hos Linda Soh Trengereid

 

Trengereid

Trengereid

Eg er er opptatt av forholdet vårt til naturen, geografiske forflytningar og sivilisasjon. Verka ved Post 1 på Kreftavdelinga, Haukeland universitetssjukehus er frå ein serie med teikningar og måleri som tar utgangspunkt i fotomateriale frå ulike urskogar og regnskogar. Arbeida er ei form for dokumentasjon på noko forgjengeleg, ei form for portrettering av natur i konstant endring.

 

Eg jobbar fram motiva ved bruk av ulike teknikkar på forskjellige underlag, i dette tilfelle på kryssfiner og ubehandla lerret. Uttrykket som oppstår mellom teknikk og materiale interesserer meg. Gjennom kunsten utforskar er det abstrakte i det figurative, korleis det kontinuerlege mylderet, dei usamanhengjande formene på nært hald blir oppfatta som tydelege motiv på avstand.

Linda Soh Trengereid (litt redigert av red.).