Tips til fysisk aktivitet

Her er ei liste over moglegheiter for fysisk utfalding på Kreftavdelinga og elles, og nokre tips i forhold til meistring og liknande.

 


– På Pusterommet på Kreftavdelinga kan enkelte pasientgrupper få variert trening og også lov til å trene i seks månadar etter behandling, jamfør www.helse-bergen.no/kor eller spør dokteren din. Dei låner og ut gratis kort til Ulriksbanen, og det er jo lov å gå den eine vegen...

Fysioterapiavdelinga har samla mellom anna denne informasjonen:Trening for kreftpasientar (pdf)

Gruppetrening

Gruppetrening på Lærings- og meistringssenteret arrangert av fysioterapiavdelingane på Haukeland og Haraldsplass Diakonale Sykehus – kontakt dokteren din for tilvising.

Informasjon om gruppetrening ved alvorleg kreftsjukdom

Sparkehjul og ball. Foto
løperhjul

Utlån av utstyr 

Utlån av fotball, sparkesykkel og paintballutstyr via trivselskoordinator@helse-bergen.no som også gjerne kjøper ein korgball viss du vil bruka basketballkorga utanfor sjukehuset. (I sommarhalvåret kan du låna både el-sykkel og tregir-sykkel via sekretæren i Atriet, Parkbygget.)

Turgruppe 

Vardesenteret, eit samarbeidsprosjekt mellom Haukeland og Kreftforeningen, koordinerer ei turgruppe som frivillige frå Kreftforeningen driv. Kvar onsdag kan du møte opp kl. 14.30 for å bli med på ein tur i nærmiljøet.

Les meir om turgruppen

Er du ung, kan du vurdere www.sjuktsprek.no  

Meir informasjon

 

Sakene blei til etter ønske frå to pasientar – også du kan komme med forslag til stoff. Send e-post til trivselskoordinator@helse-bergen.no