Omgivnadens plass for kunst

Her ser du kunstverk me har kjøpt i 2017 til glede for pasientar i avdelinga.

 

​På post 1 kan du i gangen sjå desse og to andre liknande verk.

Kunst på veggen i avdelingen. Foto

Det er teikning og maleri av Linda Soh Trengereid, ein ung kunstnar Bergens Tidende nyleg omtala som ein å fylgja med på. Viss du går inn i opphaldsrommet/tv-stova, kan du sjå dei to andre og større verka me også kjøpte av bergensbaserte Trengereid.

Når Kreftavdelinga kjøper kunst, er det fleire faktorar som kjem i betraktning. Me unngår, med eitt ord, provoserande kunst. Bileta må vidare gjerne ha eit element av natur/realisme, med det siktar me til at det skal ikkje berre vera enkel kalendarstandard, men kunstnerisk kvalitet. Det er elles viktig å ta omsyn til det tiltenkte området reint fysisk, at for eksempel val av ramme står i stil til fargar og material.

Her ser du noko me har kjøpt tidlegare, til høgre Thorbjørn Sørensen (som du også kan sjå ved Strålebehandling 3 og i Atriet), til venstre Ingeborg Stana.

Kunst på veggen i venteareal. Foto

Vil du gå på kunstvandring med ein kunsthistorikar på Kreftavdelinga?

Berre ta kontakt med Lilly Vinje - trivselskoordinator@helse-bergen.no