Om styringsgruppa for pasienttrivsel og arbeidet ho gjer

Medlemmane i styringsgruppa består av seksjonsleiarane, direktørens rådgjevar og trivselskoordinatoren. Dei møtest 4 gonger i året for å diskutere tiltak og behandle søknadar om midlar.

Alle seksjonar, KOR/Pusterommet også, kan søkja om pengar til pasientrelaterte ting. For eksempel har me gitt støtte til innkjøp av kunst, servise, møblar og bladabonnement.

Årleg set direktøren av ein sum til oss, men elles er tiltaka basert på eventuelle gåver. Kreftavdelinga har fått mange minnegåver – og det er me takksame for.

 

av Lilly Vinje, trivselskoordinator, Kreftavdelinga