HELSENORGE

Nyinnkjøp betrar pasienttryggleiken

Kreftavdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus har nyleg kjøpt eit optisk overflateovervakende system som betre og raskare lar oss finne rett og dermed tryggare posisjon for pasienten før og under behandling.

​For å kunne gi pasienten best mogleg kreftbehandling er det viktig at pasientens posisjon under strålebehandlinga samsvarer med posisjonen pasienten hadde under CT-scannet, då desse CT-bilda dannar grunnlaget for strålebehandlingsplanen. I dag bruker dei fleste sentre tatovering, laser, røntgen og/eller CB-CT1 for å forsikre seg om at pasienten er plassert med millimeters presisjon på behandlingsbordet.

Kreftavdelinga skaffa nyleg systemet kalla Optical Surface Monitoring System (OSMS). Dette optisk overflateovervakende systemet samanliknar pasientens overflate på behandlingsbordet med den overflata som blei registrert i CT-scannet, og gjer dette ved bruk av optikk i staden for ioniserande stråling. OSMS skal gjere det endå enklare og raskare å finne den rette posisjonen før behandling, og deretter gi tryggleik under behandling ved at pasientens posisjon blir kontinuerleg overvaka.

Sånn fungerer systemet

Inne i behandlingsrommet heng det tre einingar i taket, som alle er retta mot pasienten frå ulike vinklar. Einingane inneheld kvar sin prosjektor og kvart sitt par med kamera. Når systemet er på, lagar prosjektoren eit spraglete mønster på huda til pasienten ved hjelp av eit raudt lys. Mønsteret gjer at kameraa lettare oppfattar kroppens tekstur, og bilda som eininga registrerer kan dermed brukast til tredimensjonal rekonstruksjon. Resultatet av dette er at dei som behandlar pasienten kan sjå eit tredimensjonalt bilde av pasienten si overflate, som kan bestå av opp til 20 000 punkt. Denne overflata kan så brukast til både posisjonering og overvaking av pasienten under behandling.

No er altså OSMS på veg inn hos oss, og fyrste målgruppe er pasientar med høgresidig brystkreft. Etter kvart ønskjer vi at også dei som mottar stereotaktisk2 strålebehandling vil få fordelen av dette systemet.

 

Johanna Austrheim Hundvin
Sjefsingeniør, Kreftavdelinga

1. CB-CT - Cone Beam CT, ei enklere form for CT som kan utførast på strålebehandlingsapparatet.

2. Stereotaktisk - Ei form for strålebehandling kor stråledose per delbehandling er høgare enn vanleg, mens behandlinga til gjengjeld gis over færre delbehandlingar.