Kyss ein ikkje-røykjar

På avdelinga og sjukehuset som sådan er det forbudt å røykje, for vi vil deg vel. Fordelar av ikkje å røykje:

Fot trakker på røyk.

  • Mindre sjanse for sekundærkreft/spreiing
  • Mindre risiko for komplikasjonar etter operasjon
  • Betre effekt av stråling og medikament
  • Usvekka immunsystem
  • Mindre smerte
  • Betre livskvalitet

Omtrent 30 % av alle kreftdødsfall skyldast røyking. Passiv røyking kan medverke til lungekreft (på engelsk heiter passiv røyking ufrivillig røyking).

Kjelder:
René van Helvoirt - Senter for kreftbehandling, Sørlandet sykehus og redaktør for kreftbladet Onkonytt - sitt foredrag for onkologiske LiS-dokterar og artikkelen Røyking hos kreftpasienter har langt større konsekvenser enn opprinnelig antatt  

Forskingsprosjekt

Avdelinga har nyleg blitt med i forskingsprosjektet «Røykeslutt i kreftbehandling» og startar snart opp med å kartleggje kor mange som sluttar å røykje når dei har fått ein kreftdiagnose og skal i gang med behandling. Studien kan bidra til at hjelp til røykeslutt blir integrert i kreftbehandling i framtid.