Livet gikk fra paradis til helvete i løpet av ein augneblink. Kvardagen blei snudd på hovudet for heile familien. Lange trilleturar og barseltreff med andre mødre blei bytta ut med 18 cellegiftkurar, operasjon og eit liv på krykker (sidan kreften sat i lårbeinet). Korleis skulle vi klare dette? Tankane var mange og vonde.
Vi blei tatt i mot med opne armar av både dokterar og sjukepleiarar ved kreftavdelinga. Etter utallige samtalar og fine ord med/av desse fantastisk dyktige, snille, gode og omsorgsfulle menneska begynte tankane å klarne. Vi skulle komme oss i gjennom dette, og styrka ut på andre sida. Ok, ting blei kanskje ikkje heilt som vi hadde sett for oss då vetle Nora kom til verda for eit par månadar sidan. Sambuaren min måtte over i foreldrepermisjon og det blei naturleg nok ikkje nokre trilleturar eller barseltreff. Men sjukepleiarane på avdelinga gjorde sitt ytterste for at vi skulle ha det best mogleg, og for at vi skulle få vere ein så normal nybakt familie som det var mogleg å vere. Og vetle Nora er no snart ferdig utdanna sjukepleiar da ho stadig er på armen til ein av sjukepleiarane på opplæring.
Ungdomsrommet.Så veit vi jo alle at å vere innlagt på sjukehus mange døgn i veka ikkje er det same som å vere heime. Då er det fint å ha eit tilbod som Ungdomsrommet der ein kan føle seg litt meir som heime enn på avdelinga. Der er både sofa og ein stor tv med utallige kanalar å velgje mellom. Her er det deileg å koble av med noko på tv eller eit kjekt brettspel. I tillegg er det eit lite kjøken kor ein kan lage seg den maten ein sjølv ønskjer med ei tilhøyrende sitjegruppe. Og det er jo ikkje til å legge skjul på at maten på avdelinga ikkje alltid er den som fristar mest, og då er det godt å ha moglegheita til å lage seg akkurat den maten ein har lyst på. Det finst også ulike tv-spel, dartspel, gitar, bøker og filmar ein kan låne på Ungdomsrommet. Det er eit kjempe flott tilbod og ein koseleg plass når ein treng ein «pause» frå sjukehuskvardagen og sjukdommen. På Ungdomsrommet kan vi vere ein familie.
I skrivande stund er det berre tre cellegiftkurar igjen, og vi begynner å sjå ein ende på maratonløpet. Det har vore både oppturar og nedturar, men når vi ser tilbake så har vi komme styrka ut av dette. Vi har lært utruleg masse om oss sjølv, og ikkje minst om livet. Ja, det er tøft når det står på, men ein klarer det utrulegaste når ein berre må!
Kristina Lysen
16.11.14
(Omsett til nynorsk av red.)