HELSENORGE

Dokter på høge hælar

Eg går i høge hæler på jobb, ein feminin utsjånad betyr ikkje mindre innhald i hovudet.

Her blir du litt betre kjent med ein av dokterane våre.​

Kvinnelig lege i hvit frakk sitter ved kontorpult med PC. Foto

Dokter Goplen

​Dei siste årene har det blitt relativt roleg i forhold til kommentarar og liknande, og alle har vant seg til at eg er litt annleis, men eg hugsar at for ti år sidan var det ganske komisk. Nokre kvinnelege kollegaer insinuerte at ein feminin utsjånad betyr mindre innhold i hovudet. Då pleide eg å svare at eg kan ha ein kjole som sluttar midt på låret og veit framleis kva eg snakkar om.

Sjølv om eg er relativt høg, går eg i høge hælar. Eg pleier å sei at verda ser best ut frå akkurat denne høgda. Det blir litt samansett å svare på kvifor eg gjer det. Eg tror at eg hatar stereotypar og liker ikkje å vere klassifisert som ein. Ei anna årsak er "uniformisme". Viss alle ser like ut, begynner det å likne på Kina under den såkalla "kultur" eller heller "ukultur"revolusjonen. Visss du tillet deg å gå i høge hælar i kvardagen, kan du bevege deg i "pene" sko når situasjonen krever det. Eg meiner bestemt at slurvete utsjånad og dresskode som passer for fjelltur, tyder berre på nettopp slurvete utjånad, ikkje på kompetanse.

Dog, elegant "look" betyr også respekt for andre. På  disputasemiddagen min i 2010 kommenterte svigermor at det var fint at eg ikke styla meg som tidligare statsminister Gro Harelm Bruntland. Eg hadde på meg høge hælar og ein kjole som slutta ved kneet. Det var kanskje den einaste gongen eg angra på høge hælar. Etter 2,5 timar i anstrengt stilling hadde eg forferdeleg vondt i ryggen. Mora mi, som gjekk i høge hælar til ho var over 70, seier: gjer det no, ikkje når du er gammal og orkar ikke. Ei anna sak, høge hælar om vinteren - kvifor ikkje? Eineste gong eg fall på veg til jobben og pådrog meg fraktur, hadde eg flate, kjedelege sko.

Dorota Katarzyna Pazdyk Goplen, overlege, Haukeland universitetssjukehus