HELSENORGE

Direktørens reise til kreftavdeling i Afrika

Kanskje vi iblant burde løfte blikket vårt, skriv professor Olav Mella.
Portrett Olav Mella. Foto
Midt oppe i haustens utfordringar og budsjettarbeid på Kreftavdelinga, reiste seksjonsleiar Siv Årdal og eg, saman med ein patolog og ein nevrolog fra Haukeland universitetssjukehus til Kamuzu Central Hospital (KCH) i Lilongwe i Malawi. Oppgåva vår er på vegne av Helse Bergen å vurdere om avdelinga vår skal setje inn ressursar for å bidra i oppbygginga av den fyrste komplette kreftavdelinga i Malawi, og dermed løfte behandlingstilbodet for landets 17 millionar innbyggjarar.

Viljen til å få dette til er til stades: diverse bygningar er under oppføring (murstein og sement) og skal etter planen vere klar til bruk i september neste år. Ein planlegg kjemoterapi, stråleterapi med ei koboltmaskin (enkel i drift) og ein lineærakselerator. Det kan synest som overordna helsemyndigheiter ikkje har full innsikt i kva som krevst for å drive eit slikt senter etter oppføringa, det vere seg med bemanning og kompetanse, eller støttetenester frå patologi, radiologi og laboratorier. Kanskje er det heller ikkje kunnskap om den tette kontakten det må vere med andre medisinske disiplinar, særleg kirurgi. Dette understreka eg i plenumsforedraget eg hadde for sjukehustilsette, inkludert leiinga.

Ein dag følgde eg den foreløpige einaste onkologen på KCH, der han i løpet av ca. 5 timar handterte ca. 40 pasientar (dei fleste sat tolmodig og venta det meste av dagen utanfor kontoret). Spekteret av kreft var annleis enn vi er vant til, der ein del for meg var uvanlege former. Det gjaldt for eksempel krefttypar som kjem sekundært til HIV/AIDS (som Kaposi sarkom, vulva- og cervixcancer), platepitelcarcinom i hud hos albinoar og kreft i øvre del av spiserøyret hos yngre. Det siste er relatert til miljøfaktorar i spesielle delar av Afrika, der Malawi er ein del av det beltet som har ca. 7 gonger høgare forekomst av denne kreftforma enn Nord- og Vest-Afrika. Mange pasientar eg så ville hatt god nytte av stråleterapi, som dessverre inntil vidare ikkje eksisterer i landet.

Malawi er eit land på den lavare enden av inntektsskalaen, sjølv etter afrikanske forhold. Haukeland universitetssjukehus har allereie fleire gode prosjekt gåande med sjukehuset innan ortopedi, radiologi, fysioterapi og patologi, noko som allereie har bidratt til heving av standarden innen desse fagområda. Likevel er møtet med landet ei ny påminning om at vi i Noreg enno sit på den grøne greina, også i helseteneste til befolkninga. I Malawi møter vi eit vennleg, ope og ikkje minst tolmodig folk som fortener å få eit løft. Som i Tanzania, der Kreftavdelinga tidlegare har vore engasjert, kan tilsynelatande enkle problem få utstyr til ikkje å fungere og dermed stoppe all behandling langvarig eller permanent. Eg håper at vi kan bidra til løysing av denne typen problem i framtida. Elles er det kanskje fyrst og fremst kompetansebygging som peikar seg ut som eit samarbeidsområde. Det kan åpne seg moglegheiter for fleire frå avdelingen til å bidra, når bygningane for kreftsenteret skal stå ferdig eit år frå no.

Ein blir både tankefull og audmjuk i møtet med eit land som Malawi. Her er ei anna verkelegheit enn vår. Kanskje vi iblant burde løfte blikket vårt opp frå det vi opplever som problem og tenkje på at eit knapt døgns flyreise unna, er moglegheitene langt unna det vi opplever. Eg og Siv har med oss heim inntrykk som ikkje vil la seg viske så lett ut.