Flytta inn i Marie Joys' hus

- Kjære vener! Gratulerer med eit bygg og eit anlegg som er tiltalande og kallar på livsmotet! Gratulerer med Marie Joys' hus!

 

Med desse orda helste helse- og omsorgsminister Bent Høie dei nærare 200 frammøtte på den offisielle opninga av Marie Joys’ hus på Haukeland.

Det var «barn og ungdom» som var temaet for åpningsarrangementet ved bygget som no husar Barne- og ungdomsklinikken. «Ørnekoret» frå Vognstølen barnehage underheldt med herleg song, og Sykehusklovnane bidrog med humor og latter.

Benedikte Holmefjord helste på vegne av Ungdomsrådet:

- Vi i Ungdomsrådet sit på ein unik kompetanse. Kvar og ein av oss har gjennom eit utal behandlingar og innleggingar personlig erfart korleis det er å være ung pasient på eit sjukehus. Erfaringane våre er ein stor ressurs for sjukehuset. Til alle dykk her i dag vil eg seie … ikkje gløym å bruke den ressursen, sa Holmefjord.

Ei ungdomsvennlig helseteneste
Høie var i sin tale også innom kor viktig det er å ha av ei ungdomsvennleg helsetjeneste.

- Det er viktig for ungdom på sjukehus å kunne vere ungdom, ikkje berre sjukdom. Difor er jeg veldig glad for at de har som mål å skape ei ungdomsvennleg helseteneste her på Haukeland. Og difor er eg veldig glad for at de har fått eit eige ungdomsråd, som blir tatt med på råd i utsmykkinga av Marie Joys’ hus og i planlegginga av det nye Barne- og ungdomssjukehuset, sa Høie i sin tale.

På talarlista stod og styreleiar i Helse Bergen, Svein Gjedrem, administrerande direktør, Eivind Hansen, direktør for Barne- og ungdomsklinikken, Britt Skadberg, prosjektleder for Marie Joys’ hus, Bror Hansen, eigardirektør i Helse Vest, Ivar Eriksen, og ordførar i Bergen, Marte Mjøs Pedersen. Viseadministrerande direktør Anne Sissel Faugstad var konferansier for dagen.

Bobleplast og gass-ballongar
I og med at temaet for dagen var «barn og ungdom», var den tradisjonelle røde løparen erstatta med bobleplast, på same måte som den tradisjonelle røde snora var erstatta av gass-ballongar som helse- og omsorgsministeren med god hjelp fra Nickolai Wilhelmsen (pasient ved Barne- og ungdomsklinikken) og Rita Valland (medarbeider ved Barne- og ungdomsklinikken) sendte til værs. Og med det var Marie Joys’ hus offisielt opna.