Fire nye kvalitetsindikatorar publisert 4. mai

Torsdag 4. mai er fire nye kvalitetsindikatorar publisert på helsenorge.no. Samtidig er oppdaterte tal for 105 andre indikatorar publisert.

​- Dei nasjonale kvalitetsindikatorane set oss på Haukeland i stand til å få ei god oversikt over korleis dei mange helsetenestene vi leverer fungerar. Det er viktig å vite at det vi tilbyr pasientane våre er godt nok. Når det nokre gonger ikkje er det, gir kvalitetsindikatorane oss ein god anledning til å forbetre tenestene våre, seier kvalitetssjef Stig Harthug ved Haukeland universitetssjukehus.

Dei fire nye indikatorane er:

Forekomst av helsetjenesteassosierte infeksjoner i norske sjukeheimar
Postoperative infeksjonar etter innsetting av hemiprotese (hofte).
Forbruk av breispektra antibiotika i norske sjukehus.
Avbrudd i tverfaglig spesialisert rusbehandling.

Du finn alle resultata for Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen på helsenorge.no.

Totalt er det 109 nasjonale kvalitetsindikatorer ved denne publiseringa.

Helsedirektoratet held fram arbeidet med å utvikle nye nasjonale kvalitetsindikatorar - også innanfor kommunale helse- og omsorgstenester, hjerte/kar og antibiotika.