Fastlege anbefaler nettsidene til sjukehuset

– Mange pasientar søker etter diagnoser og behandlingar på nett. Behovet for gode nettsider som er kvalitetssikra av helsepersonell er derfor stort. Eg vil anbefale pasientane mine å bruke nettsidene til sjukehusa, seier fastlege Steffen Krogh Vadseth.

– Det er mange som googlar seg redde. Ein må være kritisk til det ein finn på nettet. Vis ein finn god informasjon er det bra, sier fastlege Steffen Krogh Vadseth.

​Alle sjukehusa i Norge fekk i løpet av 2016 nye nettsider. Der er det no enkelt å finne informasjon om kva som skjer før, under og etter behandling. Alt innholdet er kvalitetssikra av helsepersonell og på eit språk folk flest forstår.

 – Eg gir det meste av informasjonen muntleg til pasientane mine. Men når dei ber om det, eller har behov for mykje informasjon, får dei med seg papirutskrifter, fortell Steffen Krogh Vadseth.

Gir tryggleik til pasientane

Fastlegen fra Steinkjer meiner det er ein fordel å kunne skrive ut denne informasjonen frå nettsidene til sjukehusa.

– Då er eg trygg på at pasientane mine får god og brukarvenleg informasjon som er kvalitetssikra av helsepersonell. Nettsidene er eit supert tilbod til pasientene, seier fastlegen frå Steinkjer. 

Googlar seg redde

Krogh Vadseth anslår dessuten at så mange som ein fjerdedel av pasientane hans har søkt på nett om kva som feilar dei før dei kjem til legekontoret.
– Det er mange som googlar seg redde. Ein må være kritisk til det ein finn på nettet. Viss ein finn god informasjon er det bra, men sider som inneheldt personlege meningar, slik som bloggar, er ikkje til å stole på. Eg kjem med stor sannsynligheit til å anbefale pasientane mine å bruke sjukehusa sine nettsider framover, konkluderer fastlegen.
 

Fleire behandlingar kjem

Framover kjem sjukehusa til å jobbe med å få på plass endå fleire behandlingstekstar på nettsidene sine. Om du ikkje finn ei behandling  på nettsidene, betyr det altså ikkje at sjukehuset ikkje tilbyr denne behandlinga.