Portørfaget

Lærling i portørfaget

Portører transporterar pasientar, medisinar og utstyr på sjukehus eller behandlingsinstitusjonar og er ein viktig bidragsytar for god pasientflyt og logistikk for heile sjukehuset.

Arbeidet kan være fysisk krevjande og inneberer mykje gåing. Du må like å arbeide med menneske og må være i generelt god fysisk form.

Opplæringa i faget skal utvikle evna til å utføre arbeidsoppgåvene på ein profesjonell, trygg og sikker måte. Opplæringa skal vidare utvikle evna til å arbeide sjølvstendig, til etisk bevisstgjøring, fleirkulturell forståing og til å kommunisere profesjonelt og omsorgsfullt. Opplæringa skal også utvikle evna til å arbeide under tidspress og tidvis under psykisk og fysisk krevjande forhold.

Portørfaget blei godkjend som eige fagbrev i 2015 .

Korleis bli lærling i Helse Bergen

For å søkje lærleplass i portørfaget må du ha følgjande utdanning:
 
VG1 – videregående trinn 1 VG2 – videregående trinn 2
Helse og Oppvekstfag → Ambulansefag
                                            Helsearbeiderfag
                                            Helseservicefag

Søknad sendast via Vigo.no innan mars. Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju. Vi tek inn tre til fire nye lærlingar kvart år med oppstart på hausten.

Arbeidstid

Som lærling arbeider du i hovudsak to-delt turnus med dag og seinvakter, samt 3. kvar helg i gjennomsnitt. Du må og rekne med å arbeide heilagdagar.

Læretida hos oss

Lærlingar hos oss har variert og spennande arbeidsdag med ulike arbeidsoppgavar.I løpet av læretida vil du få opplæring og arbeide ved alle våre seksjonar.
Pasientrelaterte transporttjenester og bildrift
Forsyningstjenesten
Miljøhallen.

Kontaktinformasjon

Anita Løseth, fagleg leiar
Tlf. 93491155
E-post: anita.loset@helse-bergen.no  

Praksis Vg1 og Vg2

Vi tar imot praksiselever heile året for kortare og lengre periodar.
Maks inntak er åtte elevar fordelt på 4 skuler. Skulene varierer kvart år.

Relevant informasjon

Se læreplan portørfaget.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.