Hospitering

Ønsker du å hospitere ved Helse Bergen? På denne sida finn du informasjon om kven som kan søke.
 

Hospitering er i denne samanheng eit ulønna, tidsavgrensa, opphald i ei eller fleire eningar i Helse Bergen. Hensikta med hospitering kan være kompetanseheving, betre kjennskap til pasientbehandling, rutinar og betre samarbeid mellom ulike eningar og nivåer i helsetenesta.

Hospitering må ikkje forvekslast med praksisstudier i regi av ein utdanningsinstitusjon. Er du student ved Universitetet i Bergen (UiB), Høgskolen på Vestlandet (HVL) og VID vitenskapelige høgskole (VID) må du kontakte skulen din.

Helse Bergen tar som hovudregel ikkje inn hospitantar i sommar- ,påske- og juleferier.

Helse Vest jobbar med å forbetre rutinane for inntak av hospitantar. Helse Bergen er ein del av denne prosessen. Vi håpar at nye og forbetra rutiner for mottak av hospitantar vil vere på plass i løpet av 2019. All informasjon om nye rutiner vil bli publiser på denne sida når dei er klare.

Grupper som kan hospitere:

Forskarar tilsett hos andre arbeidsgivarar 

Forskarara tilsett hos andre arbeidsgivarar som deltek i arbeid og/eller skal nytte data frå foretaket sitt informasjonssystem i tilknytning til forskningsprosjekt, må ha ein avtale ved den aktuelle klinikk/avdelig/forskningsgruppen.

Studentar som skal skrive oppgave

Studentar som skal skrive oppgave og har behov for å nytte data frå foretakets informasjonssystem, må ha ein avtale ved den aktuelle klinikk/avdelig/forskningsgruppe.

Studentar som skal skrive oppgave ved UIB, HVL eller VID må kontakte skulen sin. 

Studentar under utdanning i utlandet

Haukeland universitetssjukehus (HUS) tek imot studentar under utdanning i utlandet frå utdanningsinstitusjonar som har avtalar med UiB, HVL og VID. Sjekk om dette gjeld ditt universitet/høgskule.
Utover dette har sjukehuset svært begrensa kapasitet til å ta imot studentar frå utlandet, men du kan søkje om praksisplass via et søknadsskjema så vert det vurdert om det er kapasitet ved aktuelle avdelingar/klinikkar.
HUS tek som hovudregel ikkje inn studentar i sommar -, påske- og juleferier.

Personell tilsett hos annan arbeidsgivar som skal hospiterer i foretaket

Personell tilsett hos annan arbeidsgivar som hospiterer i helseforetaket for kompetanseutveksling.

Autorisasjonspraksis

Personell som ønskjer autorisasjonspraksis må først ta kontakt med Helsedirektoratet (Hdir). Når vedtak fra Hdir er klart kan du sende forespørsel om praksisplass til HUS. På grunn av begrensa kapasitet kan vi ikkje garantere praksisplass.

Send e-post til postmottak@helse-bergen.no  med dokumentasjon på
• bestått språkkurs
• vedtak frå Hdir inkludert lengde på praksis det er behov for og aktuelt fagområde

Personell på arbeidsmarkedstiltak

Personell på arbeidsmarkedstiltak. Forutset at ein har klar ein samarbeidsavtale med NAV oa.

 

 

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.