Vi ønskjer velkomen vår nye praksiskonsulent på Voss

Eldfrid Nerland Haukenes har i lang tid sett behovet for ein praksiskonsulent ved Voss sjukehus, og gler seg til å vere med å utvikle den nye PKO-stillinga knytt til sjukehuset.

Eldfrid Nerland Haukenes

Haukenes har arbeidd som fastlege sidan 2008, og er busett på Voss med mann og to barn. Ho er spesialist i allmennmedisin og held for tida på med spesialistutdanning i samfunnsmedisin. Til dagleg er ho fastlege og kommunelege i Vaksdal kommune. Ho har nyleg arbeidd eitt år som LIS 2 ved medisinsk avdeling på Voss sjukehus. Haukenes ser fram til å arbeide for eit enda betre samarbeid mellom primær- og spesialisthelsetenesta i området.