Tidleg ultralyd

Frå og med 15. oktober 2021 er det tilbod om tidleg ultralyd og Non-invasiv prenatal test (NIPT) til alle gravide over 35 år.

Undersøkingane vil i starten gå føre seg ved Haukeland universitetssjukehus og Stavanger universitetssykehus.

NIPT (Non-invasiv prenatal test) er ein blodprøve som blir tatt av den gravide for å analysere arvestoff (fritt DNA) frå morkaka. 

NIPT blir brukt for å undersøke om fosteret har bestemte arvelege sjukdommar eller kromosomforandringar. NIPT kan vise om fosteret har auka sannsynlegheit for trisomi 13, 18 eller 21. Eit funn på NIPT må alltid stadfestas med ein fostervannsprøve.
Gravide med tilbod om NIPT gjennom den offentlige helsetenesta kan ta blodprøven til NIPT i samband med ultralydundersøkinga i veke 11-14, etter  Helsedirektoratet si anbefaling .