Thyreoideaprøvar får færre medisinske kommentarar

Gjeldande frå 29.10.18

Hormonlaboratoriet vil redusere medisinsk kommentering av thyroidea analyseresultat. Bakgrunnen er at allmennleger har god kunnskap om sjukdommar i thyreoidea, at dei fleste pasientar følgjer eit langvarig behandlingsløp og er godt kjent av fastlegen sin.

Endringa blir sett i verk etter dialog mellom legar ved Hormonlaboratoriet og praksiskonsulentane ved Haukeland universitetssjukehus.

Endringa gjeld frå 29.10.18 og vil vere:

  • Resultat av TSH, fT4, fT3, T3 og T4 vil bli rapportert utan medisinsk vurdering og kommentar.
  • TPO-antistoff, TRAS, thyroksinbindande globulin og thyroglobulin-antistoff vil berre bli vurdert og evt. kommentert dersom resultata er unormale,

Følgande blir ikkje endra

  • Rekvirent vil framleis bli forsøkt varsla ved TSH resultat > 100 mIE/L, ved påvist fritt T4 resultat < 4 pmol/L eller > 50 pmol/L. 
  • Thyroglobulinresultat vil alltid bli vurdert og evt. kommentert av lege.

Vi minner om at det i sjeldne tilfelle kan oppstå analytisk interferens. Dette bør ein tenke på dersom analyseresultatet ikkje stemmer med symptom og kliniske funn hos pasienten. I slike tilfelle bør rekvirenten kontakte laboratoriet.

Hormonlaboratoriet har ein vaktlege tilgjengeleg på alle virkedagar. Vaktlegen kan kontaktast for diskusjon av medisinsk faglige spørsmål knytt til analyseresultat; ta kontakt med ekspedisjonen tlf. 55 97 43 80  eller send e-post til: hormonlaboratoriet@helse-bergen.no. Når dialogmeldingar blir tilgjengeleg oppmodar vi rekvirentane til å bruke dette.

Medisinskfagleg informasjon om analysane finn du også på www.analyseoversikten.no.