Språktrening for personar med erverva språkvanskar

Fysikalsk medisin og rehabilitering ved Haukeland universitetssjukehus tilbyr intensiv språktrening i gruppe, for personar som har fått afasi etter ervervet hjerneskade.

​Afasi innebærer vanskar med å bruke og å oppfatte språk, og vanskar med å lese og skrive. Behandlingstilbodet vil ta utgangspunkt i eit språktreningsprogram som forkorta til "CIST" (Constraint Induced Speach Therapy). Dette er ein metode som skal bidra til at pasientar med afasi etter erverva hjerneskade kan få bedre talefunksjon. Dette er eit regionalt tilbod, og for å delta må pasienten anten bli tilvist av fastlege/behandlande lege, eller bli vurdert som aktuell for deltaking under primær rehabilitering. Det bør ha gått minst 3-6 månader etter hjerneskaden.
Tilbodet er basert på gruppesamtalar og kortspel. Det er basert på mengdetrening og gradvis auke i vanskelighetsgrad. Programmet går over 3 veker, og kan bli gitt både som dagbehandling og døgnbehandling. Gruppene vil bli sett saman etter type eller grad av språkvanskar. Avdelinga startar opp med ei pilotgruppe i uke 2-3-4. Våren 2019 vil avdelinga kjøyre 3 ordinære grupper, og forhåpentlegvis 6 grupper til hausten. Les meir om intensiv seinfase språktrening (ISST) og tilvisingsrutiner på Haukeland sjukehus sine nettsider.