Rusmiddel i urin

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi har gjennomført ei stor endring i korleis vi analyserer rusmiddel i urin. 

Det nye tilbodet er utarbeida i samarbeid med praksiskonsulentane. Ei viktig målsetting har vore at rekvireringa skal bli enklare og meir intuitiv. Vi vil også tilby eit breiare analysespekter enn tidlegare.

Dei to hovedpakkane heiter «Basispakke» og «Hurtig metode». Her følgjer ei kort orientering om dei.


Basispakke

I basispakka gjennomfører vi ei spesifikk analyse (massespektrometrisk metode) av dei 38 mest brukte rusmidla. Dette analyseprinsippet er arbeidskrevjande, men gir eintydige resultat. Utover cannabis og etanol vil vi kun rapportere ut det som blir påvist. Forventa svartid: 3 dagar. Maksimal svartid: 5 dagar.

Hurtig metode

Med denne hurtigmetoden (fotometrisk/immunkjemisk metode) gjennomfører vi ei analyse av dei mest vanlege rusmiddelgruppene og nokre få enkeltsubstansar (8 grupper/substansar). Analysemetoden er nyttig dersom du treng ei rask oversikt over kva som kan foreliggje av rusmiddel i ei urinprøve. Blant substansane som påvisast som gruppe vil ein ved eit positivt resultat ikkje kunne seie kva for eit enkelt-rusmiddel som er inntatt (uspesifikk analyse). Ein må vere merksam på; ikkje alle substansar med misbrukspotensiale gir utslag (t.d. z-hypnotika, tramadol) m.m. Svartida vil vere 0-1 dagar.

I Analyseoversikten finn du meir informasjon om desse pakkane.

I Lab-info, Rusmiddel i urin, finn du informasjon om kva andre rusmiddelanalyser som er tilgjengelege, mellom anna om ei ny analyse kalla «Bredt substanssøk».

Har du eit medisinsk spørsmål om rekvirering av rusmiddelanalyser?
Ring vakthavande lege i klinisk farmakologi: 55 97 31 53.