Revidert retningsline for behandling av skabb

Grunna kraftig auka førekomst av skabb siste tida har Hudavdelinga revidert sine retningsliner for behandling. 

skabb
 

Siste året har vi på Hudavdelinga sett ei dobling i talet på pasientar med påvist skabb. Auken gjeld for alle aldersgrupper, men er mest uttalt i gruppa 15-30 år. Kva som er skuld i denne auka veit vi ikkje, men redusert sensitivitet mot permetrinkrem kan vere del av forklaringa.

Vi har derfor revidert retningslinene for å optimalisere behandlinga av skabb:

  • Verketida for permetrinkrem er auka til minimum 12 timar
  • Heilkroppsbehandling inkluderer no også ansikt og hovudbotn
  • Tal på dagar med sanering av tekstilar er sett til 5 dagar
Det blir presisert i pasientinformasjonen at (Stromectol®) tablettar skal takast på tom mage

Smitte

Skabb smittar ved direkte hudkontakt, eller indirekte via tekstilar nyleg brukt av smitta person. Typisk skjer smitte inne i studentkollektiv, mellom seksualpartnarar og inne i husstand mellom foreldre og barn.

Symptom og funn

Hovudsymptom på skabb er utslett og søvnforstyrrande kløe. Skabb lagar tunnelar i huda der dei legg egg. Tunnelane kan sjåast som tynne kvitaktige linjer i huda. Papler på mannlige genitalia reknast som patognomonisk for diagnosen. Skabbmidden er så liten at den ikkje kan sjåast med det blotte auge, men ved bruk av dermatoskop kan den sjåast som ein liten brun trekant («delta sign») i enden av ein skabbgang. Hos vaksne ser ein skabbgangane typisk på hender, føter og genitalt, medan barn oftare får utslett over heile kroppen. Kløe og utslett kjem først 3-6 veker etter smitte.


Behandling

Førsteval er permetrin 5 % krem (Nix®). Heile kroppen inkludert ansikt og hovudbotn skal behandlast.  Smør også huda mellom fingrar og tær, i armholer, navle, ytre genitalia og sete. Etter minst 12 timar bør ein dusje. Dersom ein vaskar hendene før 12 timer er gått, anbefaler vi at hendene smørast inn på nytt. Behandlinga skal gjentakast etter 1 veke. Det er viktig å vere grundig med behandlinga for å unngå tilbakefall. Ein er smittefri når behandlingskur nummer to er avslutta. Det kan framleis klø i eit par veker etter at behandlinga har tatt livet av midden.

Dersom pasienten har gjennomført behandling med Nix® krem korrekt, men likevel ikkje er kvitt midden, gis behandling med ivermectin (Stromectol®) tablettar. Doseres 200 μg/kg kroppsvekt som eingongsdose dag 0 og dag 7. Behandlinga skal kombinerast med Nix® krem. Ein skal ikkje ete to timar før og to timar etter inntak av tablettane, men kan drikke vatn.

Saneringstiltak

Skabb kan overleve i 3-5 døgn utanfor vert, og resmitte reknast som hyppigaste årsak til behandlingssvikt. 


Derfor er det svært viktig med korrekt sanering for å hindre resmitte, og dette inneber to tiltak:

  1. Alle nærkontaktar (seksualpartnarar, medlemmer av same husstand) må behandlast samtidig som pasienten med Nix® krem, både dag 0 og dag 7. Dette gjeld uansett om nærkontaktane klør eller ikkje.
  2. Det er avgjerande å kvitte seg med skabb i huset. Sengetøy, handklede og klede brukt siste 5 døgn må vaskast på 60 grader. Tøy som ikkje tåler dette, kan pakkast i plastposar og settast bort i 5 dagar. Madrassar skal ikkje brukast på 5 dagar.

     

    (PDF)