PKO-nytt september 2017

Aktuelle saker

I perioden 16.-24. september blir Sykkel-VM arrangert i Bergen. Det vil gi utfordringar for biltrafikken, men ambulansar har tilgang til alle område i Bergen under sykkel-VM.

Det vil vere fleire ambulansar stasjonert i og rundt Bergen sentrum enn vanleg.  Helsepersonell skal følgje vanlege kriterier for bestilling av ambulanse. Ambulansen kan sjølvsagt også frakte fødande om nødvendig. Det er laga ei sms-løysing som gjer at fødande lett skal komme seg til sjukehuset i drosje eller eigen bil. Helsepersonell er som alle innbyggarar og tilreisande, oppmoda om å la bilen stå, berekne god reisetid, og bruke offentleg transport dersom muleg.

eMeistring

eMeistring har frå 1.september 2017 eit prøveprosjekt med tilbod via ordninga Raskare tilbake. eMeistring tilbyr terapeutrettleia internettbehandling for sosial angst, panikkliding og depresjon med eit parallelt fokus på å hjelpe pasienten tilbake til arbeidsplassen. Behandlinga er kognitiv adferdsterapi, og krevjande i form av tekst og oppgåver.

 

Sexologisk rådgiving

Sexologisk rådgiving for kvinner er eit nytt behandlingstilbod ved gynekologisk poliklinikk på Kvinneklinikken som opnar 13. september 2017. Tilbodet er ope for alle kvinner, uavhengig av om dei har vore pasient på Kvinneklinikken.

Les meir i PKO-nytt