PKO-NYTT september 2016

Hovudsakene i PKO-nytt for september er: Injeksjon med anti-D immunglobulin (Rhophylac eller Rhesonativ) i svanger­skapsveke 28, revisjon av helsekort for gravide, og kartlegging av tilbodet til pasientar med kroniske sår.

​​Injeksjon med anti-D immunglobulin (Rhophylac eller Rhesonativ), i svanger­skapsveke 28.

Når første prøve i svangerskap - veke 12-16, viser at mor har blodtype RhD-negativ, skal ein ta kontrollprøve til føtal RHD-typing i svangerskapsveke 24: Den nye rutinen trådde i kraft 1. september. Dersom analysen viser at fosteret er RhD-positivt, skal den gravide få tilbod om profylakse, som er injeksjon med anti-D immunglobulin (Rhophylac eller Rhesonativ), i svanger­skapsveke 28.  Fastlege og jordmor som har ansvar for å administrere profylakse i svangerskapsveke 28 til desse kvinnene.

Helsekortet for gravide er revidert

Tabellen for måling av livmora (symfyse-fundus-kurve) endra, basert på nytt materiale frå Folkehelseinstituttet. I tillegg er det sett inn rubrikk for Rhesus antistoff, MRSA, og BMI.

Kartlegging av tilbodet til pasientar med kroniske sår

I september vil fastlegane i Bergen få tilsendt eit spørjeskjema om behandling av pasientar med kroniske sår i eigen praksis. Målet med kartlegginga er å vurdere om pasientar med kroniske sår blir ivaretatt på rett nivå. Ein del pasientar som blir behandla i spesialisthelsetenesta, treng vidare oppfølging og kontroll i primærhelsetenesta eller hos fastlegen.

Les heile PKO-nytt for september 2016