PKO-nytt oktober 2017

Vi skriver om dei nye retningslinene om oppfølging av gravidesom kom frå Helsedirektoratet i april 2017. I vår del av verda er det fleire gravide med fedme enn gravide med svangerskapsdiabetes. Både fedme og diabetes i svangerskapet kan gi konsekvensar for mor og barn. Når begge tilstandar er til stades samtidig, blir risikoen for desse komplikasjonane forsterka.

 

​Unge med symptom på psykose

Målet til TOPS (tidleg oppdaging av psykose) er å redusere tida det tar frå ein ungdom får symptom på psykose til han/ho får adekvat hjelp.  Frå TOPS blei starta i 2012 og t.o.m. august 2017 har dei hatt 1400 kontaktar,og møtt 635 ungdommar for vurdering. Av desse ungdommane har 40 % blitt tilvist vidare til DPS/BUP for oppfølging. 45 % av ungdommane har fortsett i allereie pågåande behandling, hovudsakleg i BUP/DPS. Av dei vi har møtt har vi vurdert 30% til å ha ein psykose, 21 % til å ha eIn nærpsykose og 39% har trengt psykisk helsehjelp av andre årsaker.

Nytt frå LKB

LKB unngår duplikatanalysar Protrombinmutasjon og Faktor V Leiden mutasjon blir ikkje utført ved ny rekvirering dersom dei er analysert tidlegare.

No blir enhet for NT-pro BNP frå pmol/L til ng/L. Endringa fører til at resultata blir ca. 8,5 gonger høgare enn dagens verdi.Endringa trer i kraft 16.oktober 2017.

Les meir i PKO-nytt nr. 8