PKO-nytt oktober 2016

Hovudsakene i PKO-nytt er endra helsekrav til førarkort, pasientjournal på nett er utvida, og spesialisthelsetenesta vil opprette kontaktlege for alvorleg sjuke pasientar.
 

​Det er endra helsekrav til førarkort  frå 1. oktober 2016. Fylkesmannens rolle er endra, spesialisten får særlege oppgåver, legens rolle som sakkyndig er skjerpa, og det er mogleg å gi tidsavgrensa helseattestar.

Pasientjournal på nett blir utvida. Frå 21. september er alle elektroniske tilvisingar frå fastlege til somatikk, rus og psykiatri synlege for pasienten på Helsenorge.no. Tilvisinga blir synleg i det same den er sendt, men det er nokre unntak.

Alvorleg sjuke pasientar får kontaktlege i spesialisthelsetenesta frå 15 september 2016. Pasientar med alvorleg sjukdom har rett på éin kontaktlege/-psykolog. Ordninga er for pasientar med skade eller liding som inneber behandling og oppfølging av ein viss varigheit hos spesialist. Dette er særleg aktuelt for alvorleg sjuke pasientar med uavklarte tilstandar.

Les heile PKO-nytt for oktober 2016