PKO-nytt november 2016

Hovudsaker i PKO-nytt for november er råd om osteoporosebehandling, bruk av snus under graviditet, status på HUS etter streiken, og invitasjon til fagdagar.

 

I råd om osteoporosebehandling frå Revmatologisk avdeling skriv overlege Apalset er at Berre PTH-analogen Forsteo har beinoppbyggande effekt, mens alle bisfosfonat og denosumab (Prolia) bremsar beinresorpsjonen.

Med den  sterkt  aukande  bruken  av snus blant unge  kvinner,  er det auka risiko for at fleire  gravide  kommer til  å  bruke  snus  i  åra  framover.  I møte med den gravide kan det derfor vere på sin plass å gjere dei merksame på verknaden av snus.

Praksiskonsulentane vil gjerne at du som fastlege bidrar inn i paneldebatten, og kommer med spørsmål og forslag til korleis vi skal få eit godt behandlingsforløp for pasientar med kroniske sår. Dersom du vil vere med å påverke korleis fastlege skal bidra i behandling av kroniske sårpasientar, kan du melde deg sårseminaret 5. desember på Haukeland universitetssjukehus.

I Noreg  må det vere fokus på å utelukke TB hos personar med auka sjukdomsrisiko. I praksis betyr dette screening av mange personar som kjem til Noreg. Både smittevernlegar, helsesøstre, og fastlegar i kommunane spelar ei sentral rolle i dette arbeidet. Fagdagen om tuberkulose er 9. februar 2017.

Les PKO-nytt for november 2016