PKO-NYTT mai 2017

I PKO-nytt kjem det ei  løypemelding om dialogmeldingar.  Erfaringane frå e-helse seksjonen  på Haukeland universitetssjukehus  er at meldingane blir flittig brukt sidan starten 7. mars i år, men at det er behov for litt rettleiing av brukarane.

 

​Fastlegar kan no rekne med at det blir sendt ut epikriser kvar tredje månad på pasientar som er til langvarig behandling for psykisk helse i Psykiatrisk divisjon.


Seksjon for presteteneste og etikk har kursa tilsette på Haukeland i bruk av tolk. No ber dei fastlegane å skrive det i tilvisinga når  pasienten treng tolk. Det gir avdelingane moglegheit  til å legge betre til rette for god kommunikasjon ved konsultasjon på Haukeland.


Det er tilbod om utgreiing av kognitiv svikt  og mistanke om demens, både ved Haraldsplass Diakonale Sykehus og NKS Olaviken. Her får du informasjon om kven som gjer kva. Dei overfører også tilvisingar internt dersom dei ser at det gir pasienten eit betre tilbod.

Les meir i PKO-nytt.