PKO-nytt juni 2016

I samband med bygginga av det nye Barne- og ungdoms-sjukehuset på Haukeland, flyttar Barneklinikken i månads­skiftet august/september 2016 midlertidig inn i eit nytt bygg på Haukelandsområdet, kalla Marie Joys' hus.

Andre tema i denne utgåva av PKO-nytt:

​Raskare tilbake - for ruspasientar

Alle "Raskare tilbake- pasientar" innanfor rusfeltet i Helse Bergen område, blir behandla ved Stiftelsen Bergensklinikkene . Raskare tilbake er eit tilbod om arbeidsretta tiltak for sjukemeldte med rusproblem, der bedrifta sine interne tiltak ikkje har ført fram eller har vore vanskeleg å gjen­nomføre. ​

Betennelse i hårsekkane

Akne inversa eller Hidradenitis suppurativa (HS) er ein kronisk, inflammatorisk hudsjukdom som skuldast be­tennelse i hårsekkane i armholene, lyskene, anogenital­område, på nates og hos kvinner i inter- og submammæ­re regionar. Sjukdomen debuterer oftast i puberteten, og gir residive­rande absessar og nodular med danning av arr, ofte med fistelgangar og væskande fistelopningar mellom lesjona­ne.​

Emnekurs i psykiatri for allmennlegar.

19.-20. september 2016 på Betanien sykehus. Kurset blir søkt godkjent som emnekurs i psykiatri med 15 timar. Tema: Depresjon hos barn• Sjølvskading• Spiseforstyrring• Umotivert ungdom• Medikamentell behandling av barn• Psykosomatikk•Når barn ikkje har det godt nok• Oppfølging hos fastlege• Personlegdomsforstyrring• ADHD-utgreiing hos vaksne• Alderspsykiatri• Multikulturell psykiatri• Akuttpsykiatrisk team.