PKO-NYTT JANUAR 2017

I årets første PKO-nytt  står å lese at ungdom over 15 – 18 år med diabetes, vil frå 1. januar 2017 få opphald på  den nye Barne og ungdomsklinikken når dei har behov for innlegging. Frå 1. april 2017 blir ordninga utvida til å gjelde ungdom med inflammatorisk tarmsjukdom, og frå 1. september ungdom med epilepsi.

Vi orienterer om tilbodet for rehabilitering utanfor institusjon i regi av Bergen kommune. Trening kan gå føre seg heime hos pasienten eller i kommunale lokale. Tilbodet er for personar som siste året har hatt hjerneslag, traumatisk hovudskade, nyleg fått diagnosen MS, eller hatt eit MS attakk.

Frå 01.01.17 har Bergen kommune opna augeblikkeleg hjelp døgnopphald (ØHD senger) også for rus og psykiatripasientar. Saman med Helse Bergen, har Bergen Kommune kome fram til kva helseproblem innan rus og psykiatri som gjer pasienten egna for innlegging i “Øyeblikkelig Hjelp Døgneenhet” (ØHD).
Les meir