PKO-nytt februar 2017

Hovudsaker i PKO-nytt i februar er allergiutgreiing av barn og vaksne, bruken av dialogmeldingar og nytt om kjernejournalen.

​På Haukeland universitetssjukehus er det spesialistar både på Hudavdelinga, Barne og ungdomsklinikken, og Yrkesmedisin som bidreg i utgreiing av allergi. «Regionalt senter for astma, allergi og anna overfølsemd i Helse Vest» (RAAO-Helse Vest) har kompetanse innan allergi for heile aldersspennet frå 0 til 100 år, og er lagt til Seksjon for klinisk spesialallergologi ved Yrkesmedisinsk avdeling.  I PKO-nytt følger ei kort orientering om kvar pasientar med ulike kliniske problemstillingar skal tilvisast, av Torgeir Storaas, seksjonsleiar, Seksjon for klinisk spesialallergologi, Yrkesmedisinsk avdeling.

Det skjer

Haraldsplass Diakonale sykehus inviterer til «Samhandlingsseminar» tysdag 28. mars 2017, og «Smågruppe» er velkomne til røntgenavdelinga ved Betanien sykehus tysdag 14. mars.

Les meir i PKO-nytt for februar.