PKO-nytt august 2016

Alle spedbarn under tre månader med feber skal leggast inn på sjukehus som augeblikkeleg hjelp, uavhengig av allmenntilstanden til barnet og eventuelle blodprøvesvar, skriv Hallvard Reigstad, overlege ved Barneklinikken i PKO-nytt.

 
​Guro Vaagbø, seksjonsoverlege ved seksjon for hyperbarmedisin, fortel at stråleskadar etter kreftbehandling kan debutere med symptom over ti år etter strålebehandlinga. Da kan hyperbarbehandling vere aktuell.

Frå første september 2016 vil alle laboratorieanalysar som fastlegen har rekvirert også bli lagra i sjukehuset sitt journalsystem DIPS, ifølge avdelingssjef Thue, Anne Grete Sælen.