Helsenorge

Pasientar kan spare reisetid ved å ta blodprøver i Nordhordland Helsehus

Laboratoriet i Region Nordhordland Helsehus utfører blodprøvetaking og enkelte analysar, og melder om god kapasitet. Alle prøver rekvirerast i hovudsak elektronisk i forkant av prøvetaking. Alternativt har pasienten med papirskjema. 


​Prøver blir frakta to gonger dagleg til laboratoria på Haukeland universitetssjukehus for analysering. 

Laboratorieklinikken ved Haukeland​  sikrar dermed raske prøvesvar som er klare til pasientane skal til poliklinisk kontroll, sjukehusinnlegging, CT eller røntgen. Pasientar kan og levere inn prøver dei sjølv har tatt, som urin-, avføring- eller spyttprøve. 

Laboratoriet i Nordhordland​ held til i lyse, trivelege lokale og det er god kapasitet, lite/ingen ventetid. Pasientar kan møte opp mellom kl. 08:00-15:00 alle kvardagar, og det er ingen timebestilling. Slik kan mange pasientar spare tid og milevis med køyring.      

Helse Bergen har fleire etablerte behandlingstilbod​ i Region Nordhordland Helsehus:
distriktspsykiatrisk senter med dagbehandling og poliklinikk, hudpoliklinikk, og dialysebehandling.​