Nytt miljølaboratorium på Haukeland universitetssjukehus

Miljølaboratoriet er det einaste i Noreg som kan måle allergiframkallande stoff i ulike miljø, og tilby rekvirerbare spesialanalysar for allergi og overfølsamheit.

Nytt miljølaboratorie
Kari Eilidh Mikkelsen og avdelingssjef Anne Grete Thue (MBF), sjukehusdirektør Eivind Hansen, Torgeir Storaas leiar seksjon for klinisk spesialallergologi og yrkeshygienikar Bjørg Eli Hollund (YMA), og pensjonert Prof. em. Erik Florvaag.
Miljølaboratoriet gjer det mogleg å måle miljøstøv og stoff som ein pustar inn, som kan framkalle eller utløyse allergi (allergen) og anna sjukdom i folks inne-, ute- og arbeidsmiljø. Laboratoriet har avansert utstyr for kontroll av fuktigheit, temperatur og ventilasjon, og blir med dette landets mest komplette for utgreiing av allergi.

Det nye laboratoriet ligg i 7. etasje i Laboratoriebygget, og er resultatet av eit samarbeid som starta i 2014 mellom tre avdelingar ved sjukehuset: Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin (AIT) og Yrkesmedisinsk avdeling (YMA). Sjukehusdirektør Eivind Hansen deltok på den offisielle opninga 2. desember, og prisa initiativet til dei sterke fagmiljøa som såg behovet, og  saman har skapt noko nytt som kjem pasientane til gode.
 
- Eit lokalt miljølaboratorium er nødvendig for å tilby pasientar med arbeidsmiljøutfordringar god diagnostisk oppfølging. Moglegheita til å måle støvbyrde og allergen i innsamla miljøprøvar vil vere ein ressurs i utgreiing av pasientane, og metodane kan nyttast i rutineutgreiingar, forskingsprosjekt og bedriftskartlegging, seier spesialbioingeniør ved Miljølaben Kari Eilidh Mikkelsen i MBF.


Over tid er målet å utvikle miljølaboratoriet til å produsere allergen som kan brukast i andre allergologiske analysar.


Aktuelle pasientgrupper

Yrkeshygienikar Bjørg Eli Hollund i YMA fortel at ei viktig pasientgruppe er dei som treng avklaring på om støv og allergen i arbeidsmiljøet har ført til yrkessjukdom.
- Om det kan påvisast at pasienten er blitt sjuk av allergiframkallande stoff på jobb, vil det kunne gi positiv effekt for kollegaer, sidan det kan gi grunnlag for konkrete tiltak på arbeidsplassen, slik at ein unngår at fleire blir sjuke, seier Hollund.

- Ei anna aktuell pasientgruppe er dei med mistanke om heilårleg allergi. No kan dei få tilbod om kartlegging av eksponering for allergen i heimen, som for eksempel husstøvmidd. Dersom det viser seg at allergi for husstøvmidd er problemet, kan det vere aktuelt med allergivaksinasjon, som er ei treårig behandling, seier Torgeir Storaas, leiar ved seksjon for klinisk spesialallergologi i YMA, og leiar for Regionalt senter for astma, allergi og annan overfølsamheit i Helse Vest.

 Les meir om "Nasjonal behandlingsteneste for spesifikk bronkial provokasjon" og spesifikk bronkial provokasjon

Tilvisingsrutinar av pasientar for utgreiing av allergiar er som før.