Nytt felles radiologi-system blir innført i Helse Bergen

Innføring av eit nytt PACS/RIS system gjer at Radiologisk avdeling vil ha redusert kapasitet i vekene 45-47. Alle tilvisande instansar blir oppmoda om å bruke våre private/kommersielle samarbeidspartnarar i denne perioden, så langt det lar seg gjere.

​Felles radiologisk database 

11. november 2019 vil nytt elektronisk løysing innan radiologi bli innført i heile Helse Bergen (inkl. Voss sjukehus, Kysthospitalet i Hagevik, Skadepoliklinikken v/Bergen helsehus). Samstundes blir løysinga innført på Betanien sykehus og ved Haraldsplass Diakonale Sykehus. 

Systemet inneheld alle pasientens foto, videoar og radiologiske undersøkingar. Når løysinga er på plass i Helse Bergen i november, har heile Helse Vest éi felles løysing for radiologi, og alle føretak vil jobbe i same database, bruke same arbeidsprosessar og ha like rutinar. Alle som skal ha tilgang til pasientinformasjon i DIPS vil få tilgang til alle radiologiske undersøkingar - uavhengig av kva helseføretak som utførte undersøkinga.

Innførast på fleire sjukehus på same tid

Det nye PACS/RIS system er levert av leverandøren SECTRA, er ein del av det regionale prosjektet felles radiologiløysning (FERD) i Helse Vest. Løysinga er tatt i bruk på ulike tidspunkt siste året av Helse Førde, Helse Fonna og Stavanger universitetssjukehus.


Redusert radiologisk kapasitet i veke 45-47

Føretaket har no ein omfattande jobb med å tilpasse, innføre og ta i bruk løysinga. Særleg for Radiologisk avdeling er det krevjande  å forberede seg på nytt system, noko som òg vil påverke drifta i store delar av sjukehusa i denne overgangsfasen.
Alle tilvisande instansar blir bede om å bruke de private/kommersielle samarbeidspartnarar i denne perioden.
I desse vekene vil radiologiske (ØH)- undersøkingar bli vurdert som vanleg ut frå medisinskfagleg prioriteringar.  Dette kan føre til lenger ventetid enn vanleg på enkelte undersøkingar i denne perioden.
På førehand tusen takk for at de hjelper oss ved Radiologisk avdeling med å få til ein så smidig innføring av nytt radiologisystem som mogleg.

Her kan du lese om den tekniske løysinga for å kunne motta elektroniske radiologitilvisingar