Nye fastlegar tilsett som praksiskonsulentar ved Haukeland universitetssjukehus

- Samhandling føregår i og mellom organisasjonane, av helsepersonell. Praksiskonsulentane er fastlegane si stemme, som vi må lytte til for å samarbeide best mogleg, sa viseadministrerande direktør Clara Beate Gram Gjesdal i si velkomsthelsing.

Frå venstre: Viseadm. dir. Clara Gram Gjesdal, leiar for PKO-gruppa (konst) Geir Skogland, tre nye PKO medarbeidar Anja Cathrin Mørch Rasmussen, Benedicte Djupesland, Bhaumik Thakkar, og seksjonsleiar Anne Mette Koch ved Seksjon for fag og utdanning.

Hensikta med praksiskonsulentordninga (PKO-gruppa) er å styrke kontakta mellom sjukehusa og fastlegane. Små og store endringar i behandling og utgreiing av pasientar, nye digitale løysingar eller rutinar, kan påverke arbeidsdagen både for spesialist og fastlege.

- Vi er så glade for å kunne ta imot engasjerte fastlegar som ønskjer å bidra med sine erfaringar. Her er mange ulike prosjekt under utvikling som har innverknad både på spesialist- og primærhelsetenesta Godt samarbeid mellom sjukehuslegar og fastlegar er viktig, både for pasientane våre og for arbeidskvardagen til legane, sa Gjesdal.

Praksiskonsulentgruppa på ni fastlegar har organisert seg som faste kontaktar for Haukeland universitetssjukehus, Haraldsplass diakonale sykehus, og Betanien sykehus. Ein gong i månaden samlast PKO-gruppa på til møte på HUS. Praksiskonsulentane er med i ulike grupper som skal planlegge, eller evaluere tiltak i samarbeid med sjukehusets avdelingar, kommunar eller andre samarbeidspartnarar. Også i andre prosjekt i sjukehuset er det viktig at praksiskonsulentane bidreg med si kompetanse og sin stemme. Mange gode prosjekt har vær initiert av PKO-gruppa for eksempel tilvisingsrådet og epikriseprosjektet.

 Praksiskonsulentane arrangerer også opne fagkveldar (Nytt og nyttig- møter) der både spesialistar og fastlegar bidreg med undervising. PKO-gruppa er også utgivar av PKO-nytt. Det er eit elektronisk nyheitsblad som blir distribuert alle fastlegar i Helse Bergens opptaksområde åtte gongar i året. Alle kan melde seg på nyheitsbladet.
 

Både fastlegar og legar i spesialisthelsetenesta kan melde inn små og store tema som dei trur kan vere av interesse for fastlegane. Nyheitstips kan sendast til PKO-redaksjonen på e-post: pko@helse-bergen.no.