Nye elektroniske skjema for pasientar på helsenorge.no

Fire nye elektroniske skjema blei gjort tilgjengeleg frå 9. desember i heile Helse Vest. No kan pasientar bestille utskrift av pasientjournal og tilgangslogg, be om endring i pasientjournal, og sende spørsmål om oppslag i pasientjournal på helsenorge.no.

​Pasientar har rett til å bestille utskrift av pasientjournalen sin. I dag må dei finne skjemaet på nett, skrive det ut, fylle det inn og sende det til sjukehuset i posten. Medarbeidarane i arkivavdelinga som mottar skjemaet, må skanne det inn og arkivere det.


 – Når skjemaet blir tilgjengeleg elektronisk slepp pasienten å skrive ut og sende via post, medan medarbeidarane slepp å skanne det inn og arkivere det. Skjema som blir sendt elektronisk, havnar direkte i Elements, seier Pernille Gisselmann, prosjektleiar for helsenorge-prosjekta.

Dette er dei nye skjemaa som blir elektroniske via Helsenorge.no:

  • Førespurnad om utskrift av pasientjournal
  • Førespurnad om endring i pasientjournal
  • Førespurnad om utskrift av tilgangslogg
  • Spørsmål om oppslag i pasientjournal


Enklare for pårørande

Dersom ein pårørande til dømes skal bestille utskrift for personar dei har fullmakt for, må dei sende inn papirfullmakt i tillegg. Med det elektroniske skjemaet så treng dei ikkje det.
– Når ein pasient eller pårørande logger seg inn på helsenorge.no, kan dei berre sjå opplysningar for seg sjølv eller personar dei har fullmakt for. Når dei skal bestille utskrift av journal via skjema på helsenorge.no, veit systemet kven sine opplysningar dei har tilgang til. Derfor treng dei ikkje å sende inn eit fullmaktskjema i tillegg, seier Gisselmann.


Ein enklare arbeidskvardag

Elektroniske skjema er ei rimeligare løysing som kan gjere arbeidskvardagen for medarbeidarane enklare.
 – Det kan vere tungvindt å måtte skanne inn brev og arkivere dei, når vi veit at dei kan bli sendt elektronisk og arkivere seg sjølv. Dette er eit lite steg i riktig retning, medan vi ventar på at endå fleire skjema og brev skal bli tilgjengeleg elektronisk. Vi veit at dette er noko som mange medarbeidarar ønskjer seg, seier prosjektleiaren.


Sjølv om skjemaet no blir tilgjengeleg elektronisk, er det framleis mogleg for pasienten å ta kontakt via vanleg postgang eller e-post.


– Ikkje alle pasientar er på helsenorge.no, og det er derfor viktig at vi har eit tilbod til desse. Dei kan ta kontakt på vanleg måte. Medarbeidarane kan også vise til helsenorge.no dersom pasienten ikkje har funne fram til skjemaet.