Ny prøvetakingsstasjon i Bergen sentrum

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi

I Bergen sentrum har Haukeland universitetssjukehus opna prehospital stasjon for prøvetaking av pasientar som skal til innlegging eller kontroll på Haukeland universitetssjukehus. Den ligg i Zander Kaaes gate 7, rett i nærleiken av Bystasjonen, og er lett tilgjengeleg frå buss, tog, bybane og parkeringshus.

 

​-«Dette er et stort og viktig skritt for ytterligere å tilpasse seg pasientene sine behov og å fokusere på pasienten sin helsetjeneste», seier avdelingssjef Anne Grete Thue ved Laboratorium for klinisk biokjemi på Haukeland.

Prøvetakingsstasjonen vil også være egna for pasientar som i dag sendast frå fastlegane til prøvetaking i Sentralblokka på Haukeland.  Det er Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi som driver prøvetakingsstasjonen. Stasjonen er kopla opp mot sjukehusets datasystem, slik at fastlegar kan rekvirere blodprøvar elektronisk som i dag.

Analysar som kan utførast i Zander Kaaes gate 7

Alle prøvar fastlegane kan rekvirere i "interactor" kan utførast her, 
med unntak av: Kapillær syre base, venøs base/bikarbonat, laktat og TEG. Desse prøvane kan ikkje bli tatt her fordi dei har særleg kort haldbarheit.

• Opningstid: Måndag til fredag 08:00-14:00

• Prehospital stasjon for prøvetaking kan nyttast av pasientar over 6 år. Barn under 6 år blir tilviste til laboratoriet på Barne- og ungdomsklinikken

• Ingen timebestilling

Her finn du alle poliklinikkar for prøvetaking.